Hopp til innhold

Byter ut bokmål med nynorsk

Klesprodusenten Skogstad satsar nytt i både språk og stil.

Knut Roger Nesdal

NYNORSK: Sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal syner fram den nye katalogen som no er på nynorsk.

Foto: Birger Meland / NRK

Den over 70 år gamle bedrifta frå Innvik i Stryn kommune har no bestemt at dei vil gå over til å nytte nynorsk i sine kampanjar og reklamemateriell, skriv Sunnmørsposten.

Vurdert det tidlegare

– Vi vil synleggjere tilknytinga vår og vise kvar vi kjem frå, noko som vi er stolte av, og då er det vel ikkje noko som er meir naturleg enn at vi tek i bruk det målføret som vi har her, seier sals- og marknadssjef i Skogstad Sport As Knut Roger Nesdal til NRK.no.

– Kvifor har de ikkje skifta til nynorsk tidlegare?

– Det har vore ein diskusjon i Skogstad før eg byrja her, men ein har vel ikkje heilt tort å ”trykke på knappen”, men no er det bestemt, alle er einige og då går vi for det, fortel Nesdal.

Viktig for identiteten

For Skogstad er dette eit viktig grep som er med på å fortelje mykje om identiteten til vestlandsbedrifta.

– Vi ser på det som eit kvalitetsstempel. Vestlendingar står for kvalitet og det dei gjer og det er noko vi ynskjer å få fram i marknadsføringa vår.

Nesdal er ikkje bekymra for at mange skal sjå negativt på at dei no vel å byte ut bokmålet til fordel for nynorsken.

– Reklamen og bodskapen vår vert på nynorsk og vi trur at det er kvaliteten på kleda som er det viktige for folk flest.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Roger Nesdal

NYSATSING: Skogstad lanserer no 'Bre', sitt nye varemerke for ungdom.

Foto: Birger Meland / NRK

Nytt slagord

”Ekte værdagsklær” har vore slagordet til Skogstad fram til no. Kva det vert no etter overgangen til nynorsk er dei ikkje sikre på enda, fortel Nesdal.

– Vi har starta med ein heilt ny profilgjennomgang og vi reknar med å ha det nye slagordet klart i løpet av hausten.

Satsar ungt

I tillegg til å satse nytt på språkfronten satsar Skogstad også på ungdomen.

– Vi kjem med eit nytt ungdomsmerke som skal heite Bre. Målgruppa her er frå mellom 12 og 20 år. Det vil bli ein heilt andre fargar, snitt og design og kanskje litt utypisk Skogstad, men den gode kvaliteten vil bli den same, forsikrar Nesdal.

Samarbeid med elevar

Dette er ikkje den einaste satsinga Skogstad gjer på ungdomen. For i grafisk produksjon og i sosiale media vel dei no å nytte seg av kompetansen frå elevar ved Firda vidaregåande skule.

– Eg trur det er til glede for begge partar. Elevane får sjansen til å få jobbe med oppgåver i eit etablert firma i staden for å berre levere prøvane til retting. No vil jo både vi i Skogstad og våre kundar verte sensorar for elevane.

Og det er tydeleg at mange elevar meiner dette er eit spanande tilbod i studiekvardagen.

– Nærmare 60 elevar har allereie levert inn forslag til design på nye ”buffar” og tre av forslaga er allereie i produksjon, avsluttar ein entusiastisk Nesdal.