Hopp til innhold

Her bur det færrast fattige

Det er langt færre fattige i distrikt-Norge. Sogn og Fjordane er fylket med minst fattigdom.

Video Ferrast fattige på bygda

NETT-TV: I industrikommunen Høyanger har arbeidarane kvitta seg med fattigdommen.

Det syner regjeringa sine eigne fattigdomstal. Medan ti prosent av innbyggjarane i Oslo er fattige, er det tilsvarande talet under tre prosent i Sogn og Fjordane.

I den tradisjonelle industrikommunen Høyanger har arbeidarane kvitta seg med fattigdommen, etter år med nedganstider og tap av hundrevis av arbeidplassar.

Industrilykke i Høyanger

Hytta til Bjarne Fossen

RÅD TIL HYTTE: Bjarne Fossen hadde som industriarbeidar råd til si eiga hytte på 60-talet. Det var luksus den gongen.

Lilly Slinde

HAR DET GODT: Lilly Slinde bur i ein av dei rikaste kommunane i landet, Høyanger.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Lilly Slinde frå Høyanger er blant dei som har det godt.

Faren hennar, Bjarne Fossen, tente så godt at han kunne kjøpe si eiga hytte på 60-talet; det var luksus for ein industriarbeidar for 50 år sidan.

Familien nyt framleis godt av hytta som faren bygde. Dei er der både sommar og vinter.

I dag er Høyanger blant dei kommunane i landet med færrast fattige. Slinde veit godt kva faren ville tenkt om at det er så få fattige i kommunen:

– Han ville meint at det hadde vore svære greier. Det er eg heilt sikker på, seier ho.

– Vi har det veldig bra

Regjeringa har valt å telje tal fattige basert på ein definisjon frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Slik er definisjonen: «Fattige er definert som personar med inntekt som er lågare enn halvparten av medianinntekta i de ulike regionane.»

Totalt er det over 200.000 personar som er fattige i Norge. Dei fattigaste innbyggjarane bur i folkerike fylke på Austlandet.

Slinde merkar at det er færre fattige i Høyanger kommune no enn før:

– Eg trur ikkje det er så mange fattige no. Det er jo nokre minstepensjonistar her, men eg trur vi stort sett har det veldig bra, seier ho.

Ho får støtte frå LO-leiar i Ytre Sogn, Astrid Refsdahl Henden.

– Høyanger har vore ein rik kommune i mange år. Vi har industri og har kraftinntekter i mange år framover. Fagrørsla har gjort ein kjempejobb og fått på plass god løn og bra vilkår, seier LO-leiaren til NRK.

NETT-TV: Ny optimisme i Høyanger

Video Ny optimisme i Høyanger

NETT-TV: Optimisme er tilbake i Høyanger. For to år sidan gjekk hundrevis av arbeidsplassar tapt då felgfabrikken Fundo blei nedlagt. No kan det bli eit stort problem å skaffe nok folk til nyetableringar.