Hopp til innhold

Ber bilistane ta det roleg

– I dag har vi mykje å stri med på vegane både i låglandet og på høgfjellsovergangane. Folk må ta seg god tid.

Hemsedalsfjellet, bommen ved Bjøberg

KOLONNE: Vogntog og personbilar ventar på å køyre kolonne over Hemsedalsfjellet. Biletet er teke ved bommen på Bjøberg på austsida av fjellet klokka 10 måndag føremiddag.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

E39 Åbergsdalen i Gaular

SLAPSEFØRE: Slik såg E39 i Gaular ut klokka 07.20 måndag morgon.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera
Vogntog i Kjøsnesfjorden

PÅ TVERS: Denne semitraileren fekk problem på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden måndag føremiddag.

Foto: NRJ.no-tipsar

Det er den klare oppmodinga frå vaktoperatør Kai Johnny Bugjerdet ved Vegmeldingssentralen i Lærdal måndag morgon.

Berre Filefjell var heilt ope

Midlvêret i helga har gjort forholda svært vanskelege langs vegane og ein periode var det berre Filefjell mellom aust og vest som var heilt ope. Men klokka 14.50 er både Strynefjellet, Hemsedalsfjellet og Filefjell opne for trafikk.

Måndag ettermiddag er riksveg 13 over Vikafjellet framleis stengd. Ifølgje vegmeldingssentralen vil vegen ikkje opne att i dag.

Også fylkesveg 53 mellom Årdal - Tyin er stengd på grunn av uvêr. Det same gjeld for fylkesveg 50 Hol - Aurland, heller ikkje denne vegen vert opna att måndag.

Fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen ved Magnhildskaret var lenge stengd grunna fare for ras. Etter at snø som hang faretrugande i fjellsida ovanfor vegen vart sprengd ned, opna vegen att klokka 11.

Nord for fylkesgrensa sperra ras vegen mellom Hellesylt og Stranda. Det får følgjer får rutebussar frå Stryn på veg nordover.

Mykje vatn

– Entreprenørane våre melder om mykje vatn i vegbana rundt om, og ein del stader snør det også kraftig, seier Bugjerdet.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Riksveg 5 - Kaupanger

RIKSVEG 5: Slik var føret på Kaupanger i titida måndag.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

Vêret skal betre seg utpå føremiddagen, men det skal gjerast mykje oppryddingsarbeid.

– Ta det med ro

Riksveg 5 Fjærland

RIKSVEG 5: Bøyadalen i Fjærland måndag morgon.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

– Pass på, ver obs og ta det med ro. Vi rekk ikkje over alle vegar med ein gong. Nokre stader kan det gå lengre tid enn vanleg å komme seg fram. Det er nok ikkje dagen der alt går på skinner rundt om, fastslår vaktoperatøren på Vegmeldingssentralen.