Hopp til innhold

Julehandel som slår alle rekordar

Nok ein gong slår vi alle rekordar i julehandelen. Kredittkorta går varme, og pakkehaugane stablar seg opp. Finns det eit alternativ?

Julehandel Handelshuset i Førde

TRAVEL HELG I VENTE: I helga blir det nok folksamt rundt om på handelshusa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er den store handlehelga som står for tur. På kjøpesentera blir det meir og meir hektisk etterkvart som vi nærmar seg julaftan. Og alle har vel kjent på at akkurat det kan vere litt stressande?

– Eg har ikkje begynt eingong. Eg kvir meg på å starte, og eg veit ikkje eingong kva folk i familien ønskjer seg. Det blir hardt å komme igang, seier Bjørn Arve Kjelsnes.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I siste liten

Han er ein av dei som er seint ute til årets julehandel. Og i følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå som viser nye omsetningsrekordar for desember, blir han ikkje åleine om å bruke mykje pengar den siste tida fram mot jul. Kvar nordmann brukar i snitt over 9 700 kroner før jul.

Julegåve

FIN INNPAKNING: Det er mange gåver som skal pakkast inn.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK
Handling av Vaffelhjarte

TRAVELT: Kassaapparata går seg varme no i førjulstida.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

– Eg jobbar kvar dag og har ikkje tid til å handle. Det blir «i siste liten-handel» for meg.

Treng kaffipause

Andre er ute i litt betre tid, men det er ein stor jobb som krev både innsats og pausar, i følgje Asbjørn Flaten.

– Vi kom nesten i mål, og har berre finpussen igjen. Den skal vi ta når vi har fått oss ein kopp kaffi.

– Har du kjøpte mange julegåver?

– Vi har kjøpt 25, det er mellom anna til born og borneborn.

Lokkar kundane

Og handelsstanden gjer sitt for å lokke folk til å kjøpe. Siv Vatne på skobutikken DNA i Førde har fått god respons på tilboda sine.

– Vi har halv pris på finsko, så det hjelper godt på.

Svanhild Tennebø på butikken Kremmarhuset merkar òg at desemberhandelen er godt i gang.

– Det går jamnt av alt, og det har begynt å bli tomt av enkelte ting.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Gi meir til veldedige føremål

Men kva skal ein synest om den store veksten i julehandelen, i følgje mennene på gata i Førde?

– Det har nok gått ut meir pengar i år enn i fjor. Gjevargleda er stor og det er hyggeleg å glede andre, seier ein vi har snakka med.

– Eg tykkjer vi burde gi meir til veldedige føremål. Dei fleste av oss har nok av ting. svarar ein annan.

Juleengel laga av brusboks

JULEENGEL: Denne er laga av ein brusboks.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK
Blome laga av brusboks

BLOME: Også denne er laga av gamle brusboksar.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK
Korger frå Uganda

KORGER FRÅ UGANDA: Hanne Schnitler sel rettferdige julegåver.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Brukte og rettferdige julegåver

Men finns det alternativ til kaffimaskinar og DVD-ar på kjøpesentra? På ein ganske roleg butikk ligg det ein butikk utan kjøpepress.

– Vi kan kanskje kalle det etiske julegåver eller miljøvennlege gåver. Når vi ser på forbuket vårt, så burde vi ha fleire jordkloder. Difor må vi tenkje alternativt, seier butikkeigar Hanne Schnitler i butikken Om Att.

I den vesle butikken sin sel ho mellom anna brukte ting og rettferdig varer. Nokre av tinga er laga av til dømes gamle brusboksar.

– Det går an å gi brukte klede og ting. Vi har ei til dømes ei Gucci-veske og eit fint sjal av ull og silke som passar til ei kvinne.

– Kva tenkjer du om at vi sler kjøperekorden kvart einaste år før jul?

– Eg tykkjer det er skremmande. Vi lagar eit stort avfallsproblem når vi held på slikt som dette.