Hopp til innhold

Vil byggje kystveg med bompengar

Flora, Vågsøy og Bremanger vurderer å opprette eit bompengeselskap for å få fortgang i arbeidet med Kystvegen Måløy-Florø.

Eivind Hjellum

Eivind Hjellum trur folk vil betale dersom reisetida blir kortare,

Foto: Privat

Rådgjevar i Flora kommune, Eivind Hjellum, seier dei ikkje kan sitje mange år i kø og vente på pengar frå staten

– Skal vi vente på offentlege løyvingar til dette, vil det gå mange år å få pengane på plass.

Nabofylke med store ambisjonar

Hjellum undersøker no moglegheitene for å etablete eit bompengeselskap. Å ikkje bidra sjølv er ein dårleg søknad til staten, meiner Hjellum.

– Viss vi ser på fylka nord og sør for oss, så har dei store ambisjonar om kva vil ha bygd av nye vegar, delvis finansiert av bompengar.

45 minutt reisetid

Kåre Olav Svarstad

Bremangerordførar Kåre Olav Svarstad vil ikkje sitje i pengekø.

Foto: Ingrid E. Haugen

Med bygginga av Kystvegen vil det berre ta 45 minutt å kome seg frå Måløy til Florø. Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad har ikkje tolmod til å sitje i ein årelang kø om vegmidlar.

– Det har vi fått klare signal på. Det kan bli mange år i vente, og det har vi ikkje tid til.

– Bompengar og spleiselag vil hjelpe

Å satse på bompengar vil vere å ta tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete på ordet. Ho meinte at dei som bidreg sjølve skal premierast. Politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet Sigrid Brattabø Handegard stadfestar at bompengar vil kunne opne statskassa.

– Lokalt engasjement og eldsjeler er ofte avgjerande for at vegprosjekt blir raskare realisert. Spleiselag mellom ulike aktørar kan også føre til at ein kjem raskare fram i køen.

Trur folk vil betale

Og Hjellum har tru på at innbyggjarne er med på spleiselaget.

– Dersom vi oppnår ei vesentleg innsparing i reisetid, så trur eg folk vil akseptere det. Men bompengesatsane må vere på eit nivå som er akseptable.

Ny kyststamveg mellom Florø og Måløy.

Slik er ein ny kyststveg mellom Florø og Måløy tenkt å gå.

Foto: Kart