Hopp til innhold

Samlar bevis mot helseføretaka

Folkerørsla for lokalsjukehusa ber Riksrevisjonen om å granske helsenorge.

Bente Øien Hauge (t.v.) og helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Bente Øien Hauge i folkerøsla for lokalsjukehusa ber saman med andre lsjukehusforkjemparar om at Riksrevisjonen granskar helseføretaka i Norge.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Vi håpar at vi kan oppnå at strategiprosessar vert gjennomført med langt betre kvalitet enn det vert gjort i dag, seier koordinator i Folkerørsla for Lokalsjukehusa Bente Øien Hauge i Lærdal.

Ber om gransking

Bente Øien Hauge

Bente Øien Hauge

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Folkebevegelsen for Lokalsjukehusa i Norge vil at Riksrevisjonen skal granske alle helseføretaka.

Dei samlar no bevis på at helseføretaka gjer grove feil når dei skal fatte vedtak.

- Vi har inntrykk av at ein del av dei konsekvensutgreiingane styra vert presenterte for er reine bestillingsverk. Og at argument og fakta som kan tale mot administrasjonen sine ønskjer ikkje vert offentleggjort for styret. Og då dermed ikkje drøfta i det heile, seier Øien Hauge.

- Leiinga legg føringar

Øien Hauge er kjendt for å kjempe for lokalsjukehuset i Lærdal, og har fleire gonger vore svært kritisk til Helse Førde. Dei vert også råka av kritikken som Folkerørsla for lokalsjukehusa no kjem med.

- Hovudkritikken er at leiinga i føretaka legg føringar for korleis styremedlemmene stemmer når dei skal fatte vedtak. Helse Førde er eit av foretaka som blir skulda for dette, men eg vil ikkje no snakke om konkrete føretak, seier Øien Hauge

Informasjonssjef i Helse Førde Arne Eithun avviser skuldningane frå rørsla, men seier Helse Førde ikkje ønskjer å kommentere saka utover det.

Likt over heile landet

Det var på folkerørsla si landssamling i Oslo i juni at det vart reist kritikk mot helseføretaka sin forvaltningspraksis.

Og det er då spesielt arbeidsmåten i forhold til omstillingar, strukturelle endringar og strategiplanar som vekkjer reaksjonar. I følgje folkerørsla går dette att i fleire regionar.

- Mange helseføretak vert berre styrt etter økonomi. Dei andre konsekvensane vert det fokusert lite på, seier Øien Hauge.

Peikar på fleire forhold

Det er fleire punkt dei vil at Riksrevisjonen skal undersøkje.

Dei meiner at styremedlemmer i helseføretaka får viktige og omfattande saksdokument utdelt i siste liten, av og til på styremøta. Dermed vert dei tvinga til å fatte vedtak i saker dei ikkje har hatt moglegheit til å vurdere skikkeleg.

Rørsla meiner konklusjonar ofte er gjevne på førehand av at ei sak skal bli handsama, dei meiner også at fleire tiltak vert sett ut i livet før det er fatta vedtak i saka.

Klart etter sommaren

Dei er også svært kritiske til at sentrale personar i helseføretaket byter stillingar mellom ulike nivå der avgjerdslene vert tekne, og at dei dermed sit i løpet av kort tid på fleire sider av bordet.

I tillegg er dei kritiske til at brukarrepresentantane i helseføretaka kjenner seg meir som eit alibi enn ei ressurs.

Rørsla vil sende dokumentasjonen dei samlar inn over til Riksrevisjonen etter sommaren.