Styreleiar Clara Øberg og nestleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde presenterte alvorlege kuttiltak på dialogmøtet mellom styret i Helse Førde, ordførarane i fylket og helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen i dag.
Les:
Les:
Styreleiar Øberg presenterte tre konkrete kuttframlegg, og sa samtidig at styret går inn for eit forslag som betyr eit sentralsjukehus i Førde og to lokalmedisinske senter utan sengepostar i Lærdal og Nordfjord. Det betyr at lokalsjukehusa blir lagde ned i si noverande form, og at begge fødeavdelingane i Lærdal og på Eid blir lagde ned.
Dårleg økonomi
Øberg starta presentasjonen med å slå fast at ein ruspost og ambulansane er inne i alle tre modellane som styret presenterte.
Bakgrunnen for dei tre ulike modellane er at Helse Førde må redusere kostnadane med om lag 150 millionar kroner innan 2012. Nestleiar Jorunn Ringstad understreka at det var heilt nødvendig med drastiske kutt for å kunne ha eit best mogeleg sjukehustilbod i fylket i framtida. Ho viste til gamalt utstyr, mangelfulle tilbod, alt saman på grunn av dårleg økonomi.
Stor vikarbruk
Også stor vikarbruk og rekrutteringsvanskar vart brukte som argument for å gjennomføre upopulære tiltak.
- Vi må byggje ein struktur som er tilpassa 107000 innbyggjarar, og som er godt nok, sa Jorunn Ringstad. Ho la til at dei har fått klare krav frå Helse Vest om å kome økonomisk i balanse, og drive innanfor gjeldande budsjett, ikkje med store underskot.
Klokka 10.48 sleppte styreleiar Clara Øberg katta ut av sekken.
Då snakka ho for første gong om lokalmedisinske senter.
Krava lokalmedisinske senter
- Det viktigaste for oss i framtida er å få økonomien under kontroll, elles får vi aldri fred, sa styreleiar Clara Øberg.
- Vi har tre modellar. Det første er at Nordfjord og Lærdal blir lokalmedisinske senter. Det vil innebere betydeleg ambulanseverksemd og eit samarbeid med naboføretaka om fødetilbodet. Alt på plass innan 2015, sa Øberg.
Dette vil betyr at Nordfjord og Lærdal skal drive med dagbehandling og poliklinikk, geriatriteam, rehabilitering og andre funksjonar. Dette vil gi eit positivt driftsresultat på 47 millionar kroner og ein reduksjon på 230 årsverk i Helse Førde.
- Men viktig å understreke at fleire av desse vil få jobb i det interkommunale tilbodet, sa Øberg.
- Men trur ikkje at alle i Førde kan puste letta ut – dei vil bli utsett for mykje omstilling, la Øberg til.
Ut på høyring
Forslaga skal no ut på høyring, og statsråd Anne-Grethe Strøm-Erichsen understreka at det var viktig å lytte til alle i fylket, uansett bustad. Samtidig la ho til at det var like viktig å byggje opp eit best mogeleg tilbod i Sogn og Fjordane.
Før møtet var det spent stemning på Sunnfjord hotel, og møtestart klokka 10.00 måtte endrast fordi statsråden med følgje var forseinka på grunn av kraftig snøfall. Tilstades på møtet i dag var alle ordførarane i fylket, leiinga i Helse Vest, statsråden med følgje, leiinga og styret i Helse Førde og pressa.
NRK Sogn og Fjordane følgjer møtet fortløpande på nett, og du kan høyre frå møtet både i føremiddagssendinga klokka 11.03 og i ettermiddagssendinga klokka 16.03 på radio. Sjå også Vestlandsrevyen i kveld.