Hopp til innhold

Helse Førde skremmer Fagforbundet

Fagforbundet er skremde og sjokkerte over det som blir sagt om leiarstilen i Helse Førde.

Førde sentralsjukehus

Leiinga i Helse Førde får krass kritikk for leiarstil.

Foto: Øystein Tveiten

Overlegar, sjukepleiarar og andre tilsette i helseføretaket har teke bladet frå munnen og skildrar leiarstilen som eit terrorvelde og sovjetregime.

- Eg er sjokkert dersom det er eit snev av sanning i berre ein brøkdel av det som er sagt og gjeve uttrykk for. Eg har ikkje grunn til å tru at det ikkje er rett, seier ein rysta fylkesleiar i Fagforbundet, Solveig Norevik.

Får ture fram som dei vil

Over 500 tilsette i Helse Førde er organsierte i Fagforbundet. NRK har snakka med over 30 tilsette og tidlegare tilsette i Helseføretaket, som meiner adm. dir. Jon Bolstad har ein leiarstil som skapar fryktkultur i arbeidsdagen.

– Eg ønskjer ikkje å vere del av eit arbeidsmiljø prega av bakvasking, der folk får ture fram som dei vil, seier Anne Rysjedal, tidlegare leiar for forsking og utdanning i Helse Førde.

- Forferdeleg trist

Styreleiar Clara Øberg og adm. dir. Bolstad avviste måndag den massive kritikken som blir retta mot sjukehusleiinga .

- Det er forferdeleg trist å tenkje på at nokre av våre medlemer lir av noko av det som er skildra her. Dersom det er ein utbreidd kultur som vi høyrer frå Helse Førde, så er det ikkje rart at det er eit høgt sjukefråvær, seier Norevik.