Hopp til innhold

Psykiater meiner Bolstad må gå

- Mistilliten til leiinga i Helse Førde har vakse over år, seier psykiater Ragnar Børsheim.

Ragnar Børsheim

Psykiater Ragnar Børsheim var engasjert i svært mange av dei faglege råda som er sett ned før vedtak om endringar i helseføretaket er gjort.

Foto: Simon Solheim / NRK

Børsheim har vurdert i fleire år om han skulle fortelje om situasjonen i Helse Førde. Han meiner verken leiinga eller styret i Helse Førde har den kompetansen som skal til for å drive eit helseføretak.

- Ein leiar skal først og fremst motivere og inspirere. Han skal også kunne styre når det byrjar å røyne på. Adm. dir. er ikkje rette mannen til å vere sjef for sentralsjukehuset og Helse Førde, seier han.

- Bør gå av

Psykiateren viser til fleire vedtak, som er fatta utan fagleg støtte. Han nemner spesielt ungdomspsykiatrisk avdeling; UPH, som har mangla fagfolk over ei lang tid. Han viser også til vedtak som omhandla geriatriteamet som skulle behanlde eldre. Store ressursar vart lagt ned, men iløpet av eitt år vart tilbodet lagt ned . På spørsmål om Bolstad bør gå av, svarar Børsheim:

- Etter mi meining ja. Utviklinga har vore slik at folk har mista optimisme, pågangsmot og krefter undervegs. Dette er sjølvsagt ikkje Bolstad åleine om. Ein snakkar om ei leiargruppe som består av mange personar.

- Snakkar altfor mykje

Børsheim meiner leiarane både på avdelingsnivå og direktørnivå i for liten grad har medisinfagleg kompetanse. Han etterlyser vilje frå leiinga til å samarbeide og å lytte til råda frå fagpersonane. Slik det er no, meiner han blir fagfolk bygde ned og økonomane bygde opp, meiner han.

- Du merkar mismot, apatien har spreidd seg, det er mykje irritasjon og agressjon. Ein kan møte folk i korridoren som snakkar og i kantina. Det er alt for mange som snakkar om at det er vanskeleg å jobbe i Helse Førde og at ein ikkje har tillit til leiinga. Alt for mange, seier han.

Har utfordringar

Børsheim stiller seg inn i rekkja av kritiske røyster mot leiinga i Helse Førde. Både Bolstad og styreleiar Clara Øberg avviste måndag ettermiddag kritikken .

Børsheim forstår at styret og leiinga har store utfordringar med krava frå Helse Vest hengande over seg. Men undrar seg over at ikkje noko vert gjort med kritikken.

- Det som er rart er når kritikken har vore massiv og over så lang tid, kvifor når ikkje kritikken fram til dei som burde få ta del i den? Det kan tenkast at det er for mange som er nær direktøren, og andre som ikkje godt nok formidlar kritikken som kjem nedanfrå, undrar Børsheim.

Bolstad vil ikkje kommentere kravet om at han må gå.