Hopp til innhold

Mistillit til Jon Bolstad

Sjukepleiarforbundet har ikkje lenger tillit til administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde. Forbundet organiserer 750 tilsette i Helse Førde.

Oddgeir Lunde

Fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet, Oddgeir Lunde veit om fleire eksempel der tilsette kjenner seg trakasserte.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fleire tilsette i Helse Førde hevdar dei er er utsette for reprimandar etter å ha ytre seg offentleg om helseføretaket. Nokre er blitt sjukmelde, andre igjen ser seg om etter nye jobbar.

Har ikkje tillit til Bolstad

Fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet Oddgeir Lunde meiner det må skje store endringar i Helse Førde om leiarkulturen skal endre seg. Fylkesleiaren har ikkje lenger tillit til administrerande direktør Jon Bolstad.

– Om Bolstad vert sitjande som administrerande direktør er dette ein kultur vi må leve med. Styret er nok lojale ovanfor Bolstad, og så lenge dei er det så kan eg vel ikkje seie eg har den store tilliten til dei, seier Lunde.

Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Henrik Berg snakkar om Helse Førde.

Forbundet kjenner til fleire tilfeller

Lunde seier han kjenner att skildringane tilsette kjem med av leiarkulturen i Helse Førde. Han representerer 750 tilsette i Helse Førde, og fortel at han har fått fleire konkrete eksempel på bordet om korleis tilsette kjenner seg trakasserte.

Nils Anders Sørland sa opp jobben sin i Helse Førde etter fleire år med det han opplever som vanskelege arbeidsforhold og trakassering.

– «Munnkorg-stalinisme»

Sovjetregime og terrorvelde er ord noverande og tidlegare tilsette i Helse Førde brukar om leiarstilen til den øvste sjefen sin, administrerande direktør Jon Bolstad.

Overlege Henrik Berg meiner Bolstad driv helseføretaket utfor stupet, og at han tek seg med dei tilsette.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Fleire tilsette i Helse Førde er kritiske til leiarstilen til administrerande direktør Jon Bolstad.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Opp gjennom åra har fem av mine nære arbeidskollegaer blitt utsett efor ein type behandling som gjer at eg ser at dei framleis ikkje har det bra på grunn av det, seier Berg.

Han seier ein skal kunne møtast og ordne opp i usemje, men meiner måten det er blitt gjort på er heilt feil.

– Det har blitt ein kultur som vi i mange år har kalla for "munnkorg-stalinisme". Folk får ikkje seie noko, då risikerer du nettopp represaliar, forklarar Berg.

Høyr dei tilsette sin kritikk av Jon Bolstad

Fryktkultur og terrorvelde

Helse Førde vert drive av ein fryktkultur som pregar arbeidskvardagen til fleire tilsette i Helse Førde ifølgje fleire NRK har snakka med.

NRK vert fortalt at leiarkulturen er som eit terrorvelde der ein anten er med administrerande direktør Jon Bolstad, eller mot han. Og det er Bolstad sjølv som har definert regelverket, fortel dei tilsette.

Overlege Henrik Berg seier at det han definerer som sovjetregime er så sterkt at det også pregar privatlivet til dei tilsette.

– Situasjonen er så ille, at det er vanskeleg å tru at den kan bli verre. Folk tenker på det støtt og stadig, og det er ein energitjuv utan like, seier Berg.

Mange tilsette torer ikkje stå fram med kritikken

NRK har snakka med over 30 tilsette, og tidlegare tilsette, i Helse Førde som alle sit med same oppfatninga av Jon Bolstad. Ikkje alle torer stå fram med si historie. For dei er livredde for konsekvensane det kan få for dei.

Mange viser til kollegaer som er blitt skvisa ut av jobben sin, blitt sjukmelde eller lir under behandlinga frå øvste leiaren i helseføretaket.

Anne Rysjedal arbeidde i Helse Førde som leiar for forsking og utdanning. Men det gjer ho ikkje lenger. Ho er overbevist om at ho hadde vorte sjukmeldt om ho hadde halde fram.

– Eg ønskjer ikkje å vere del av eit arbeidsmiljø prega av bakvasking, der folk får ture fram som dei vil, seier Rysjedal.

– Folk slit på grunn av leiarstilen direkte, eller fordi det ikkje vart gjort noko med personalpolitikken slik at ein unngjekk mobbing og trakassering også lenger nede i systemet, forklarar Rysjedal.

Video nsps_upload_2010_3_1_9_32_39_2572.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Nils Anders Sørland fortel om møtet med Jon Bolstad

Fryktar trakasseringa kan gå på livet laus

Rysjedal seier til NRK at ho har vore svært uroa for fleire som har arbeidd eller som arbeider i helseføretaket. Mange har vore så langt nede psykisk at ho har frykta dei skulle gjere noko drastisk.

– Treff du den rette personen så kan dei gjere slutt på seg sjølv. Så grov var nokon av trakasseringane, seier Rysjedal.

Frykta og uroa for arbeidsplassen gjeld ikkje ei spesiell yrkesgruppe i helseføretaket. Dei NRK har vore i kontakt med har arbeidd, eller arbeider framleis på alle tre sjukehusa på svært ulike avdelingar.

– Bolstad er arrogang og overlegen

Overlege Rene Kløtz er klar på at han ikkje lenger vil finne seg i fryktkulturen.

– Situasjonen vil først endre seg om ein får ein annan administrerande direktør. Framfor alt trur eg vi treng eit nytt styre og ein ny styreleiar, seier Kløtz.

Kløtz har ikkje tillit til at øvste leiinga har evne eller lyst til å endre arbeidsmetodane sine. Spesielt ikkje administrerande direktør.

– Eg vil beskrive han som arrogant og overlegen. Han meiner han sjølv veit best, og det speler ikkje noko rolle kva andre seier, seier Kløtz.

– Du er klar på at du risikerer noko ved å prate med NRK om dette?

– Vil han bli kvitt meg, får han seie meg opp. Det får eg leve med, samtidig er det at ein er kritisk mot noko ingen god grunn til å bli sagt opp, seier Kløtz.

Høyr kva administrerande direktør Jon Bolstad seier til kritikken, direkte i vår ettermiddagsending frå klokka 16.03.