Hopp til innhold

Tilsette klagar inn Helse Vest

Dei fire tilsetterepresentantane i Helse Førde-styret klagar Helse Vest inn for Riksrevisjonen.

Reidun K. Halland og Rune Larsen

Rune Larsen (t.h.) er uroa over gamalt og dårleg utstyr ved sjukehusa i Helse Førde.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Tilsetterepresentantane meiner Helse Vest sviktar ansvaret sitt for sjukehustilbodet til innbyggjarane i Sogn og Fjordane, skriv Firda.

Får ikkje tilbod

Etter at regionføretaket vedtok ei investeringsråme som nesten ikkje gir rom for fornying av medisinsk-teknisk utstyr, ber dei Riksrevisor Jørgen Kosmo vurdere om Helse Vest oppfyller "syte føre"-ansvaret sitt.

- Mykje av utstyret er så gammalt at det knapt finst reservedelar. Det handlar ikkje berre om at tilbod blir dårlegare enn det optimale, men om at innbyggjarane i ein del tilfelle ikkje i det heile får det tilbodet dei skulle ha, seier Rune Larsen til avisa.