- Det er ganske viktig for oss å ha ein slik plass, då sleppe jo ”sivile” at det kan skje noko med dei eller at det kan gå ut over nokon andre enn oss, seier Førde-rånaren Ole Morten Aase Øvrebø.
Burning på offentlege parkeringsplassar i sentrum er ulovleg og langt frå populært. Difor ynskjer Øvrebø og fleire rånarar seg ein eigen plass å drive med hobbyen sin på.
- Det er ikkje snakk om mykje. Ein parkeingsplass og nokre kjegler så hadde vi klart oss lenge, seier Øvrebø.
- Motorinteressert ungdom
Kråkenesmarka Motorsportsenter er nemnt som alternativ for ein slik plass. Og formann i Norsk Motorklubb Sunnfjord, Eivind Pettersen seier dei ynskjer å ha tilbod for bilinteressert ungdom..
- Dei som blir kalla rånarar er motorinteressert ungdom. Vi har eit ynskje om å tilby motorinteressert ungdom ein skikkeleg aktivitet slik at dei slepp å oppsøkje tilfeldige parkeringsplassar, seier han.
Drifting og Autoslalåm
Men ifølgje Pettersen må klubben følgje lovene som gjeld for motorsport og rånarane kan difor ikkje forvente å få herje fritt. Men innanfor motorsport er det to greiner som truleg vil høve for rånarane. Drifting, som er køyring på bane der bilen sklir gjennom svingane, og Autoslalåm som er slalåm med bil på lukka plass.
Og ifølgje Øvrebø hadde eit slikt tilbod blitt tatt godt imot.
- Ut av sentrum
I dag manglar motorsportsenteret i Kråkenesmarka både plass og pengar. Men varaordførar i Førde, Eva Marie Halvorsen er ikkje framand for å støtte opp om slike tiltak.
- VI har eit ansvar for ungdomen og vi har eit ansvar for att all ungdom skal ha eit aktivitetstilbod. Det er også positivt å få denne aktiviteten ut av sentrum, seier Halvorsen.
Trur du rånarane vil velge Kårkenesmarka framfor sentrum? Sei di meining.