Opplagstala for avisene vert offentleggjorde i dag, og tala syner ein tilbakegang for fleire lokalaviser i Sogn og Fjordane.
Størst er tilbakegangen for Sogn Avis med ein opplagssvikt på 338. Opplaget er no på 10 085.
Ytterlegare nedgang
Redaktør Jan Inge Fardal seier dei misser lesarar utanbygds.
- Utviklinga med avskaling av abonnentar utanfor primærområdet held fram, og det er ikkje noko kjekt, seier Fardal.
Sogn Avis har om lag 1900 abonnentar utanfor kjerneområdet, og han reknar med at svikten av fjernabonnentar vil halde fram.
Berre i løpet av dei to siste åra har Sogn Avis hatt ein opplagssvikt på 800.
- Trenden dei siste åra har vore at vi har mista 2-300 i året utanbygds ifrå. Den utviklinga er ikkje bra, seier Fardal.
Held stand i kjerneområdet
Men redaktøren for Sogn Avis er nøgd med at avisa held stand i kjerneområdet.
- Situasjonen er ikkje alvorleg enno. Eg hadde vore mykje meir bekymra dersom tapet av abonnentar hadde vore i primærområdet vårt. Då måtte vi gjort noko drastisk, seier Fardal.
Tilbakegang i Sunnfjord
Også avisene i Sunnfjord hadde ein tilbakegang i 2008. Firda i Førde hadde eit opplagssvikt på 39 og Firdaposten i Florø på 27.
I følgje redaktøren i Firda Jan Atle Stang har dei også mista fjernabonnentar. Avisa har no eit samla opplag på 13 875.
- Vi har ein framgang i primærkommunane og i fylket, seier Stang.
Av avisene i Nordfjord har Fjordingen hatt ein tilbakegang på 25 og Firda Tidend på 14, medan
. Fjordenes Tidende har hatt ein auke på 2.