Ekteparet på Sandane i Gloppen fortalde tysdag om dei ubedne gjestene på loftet. Mellom 30 og 40 flaggermus har slått seg til i øvste etasje av huset.
Fordi flaggermusa er freda, er einaste løysing å for Arvid og Majken Rygg å skifte ut taket. Prislappen på dette vil bli omkring ein kvart million kroner.
Telefonstorm
Men etter at saka vart gjort kjend, har dei opplevd telefonstorm frå folk i heile landet som vil hjelpe. Og dei velmeinte råda har vore mange og kreative, men i følgje Arvid Rygg er det ikkje alle rådgjevarane som er medlemer i "Flaggermusens venner".