Flokkar med flaggermus leikar utanfor einebustaden på Sandane i nattetimane. No på dagtid er det berre haugane med ekskrement som vitnar om bebuarane på loftet.
Arvid og Majken Rygg har lenge visst at flaggermus har brukt loftsetasjen på huset til bustad. Men denne seinsommaren har det utvikla seg til eit realt problem. Dei 40 fykande dyra på loftet legg frå seg visittkort nærmast overalt, og er svært så aktive på nattestid.
Må skifte ut taket
Fordi flaggermusa er freda er det lite eller ingenting som kan gjerast for å kvitte seg med dei. Det seier dagleg leiar Åge Juliebø hos skadedyrkontrollen i Ålesund.
Kvar flaggermusho får normalt ein unge i året og flokken veks seg dermed fort større. No fortvilar ekteparet Rygg. Aukar stammen vil einaste løysing for dei verte å skifte ut heile taket, fordi dyra ikkje kan drepast. Dette vil komme på 250.000 kroner, ei utgift dei fullt og heilt må dekke sjølve.