Prisen er på 150.000 kroner, og vart delt ut av kulturminister Trond Giske i Ibsenhuset i Skien.
Premiere på Sogn og Fjordane Teater
Stykket Hoem har skrevet handlar om rettsaka mot
.Stykket hadde urpremiere på Sogn og Fjordane Teater i 2007.
- Vi gjer ting som er viktig og bra i nasjonal samanheng som teaterinstitusjon. Så eg er veldig glad for det Edvard Hoem og vi har oppnådd her, seier teatersjef Terje Lyngstad.
- Eg legg merke til at dei kunstnarane vi pratar med blir meir og meir interessert i å jobbe ved Sogn og Fjordane teater. Det tener publikum og kunsten på.
Teateret har sidan 2005 fått Dramatikkpris, Heddaprisen og Antirasismeprisen.
Hard konkurranse
Ibsenprisen vart delt ut fyrste gong i 1986 og er på 150.000 kr og ein statuett av kunstnaren Nina Sundbye.
Ibsenprisen vert delt ut til ein norsk dramatikar som det siste året har fått oppført eit nytt verk for born eller vaksne ved eit profesjonelt teater, eller for ein samla dramatisk forfattarskap.
Juryen har i år vurdert 43 dramatiske tekstar som alle har hatt premiere i løpet av 2007.