Hopp til innhold

Køyrde ned tre personar og stakk

Politiet trur dei har sikta rett mann.

Illustrasjonsfoto: Utrykning

politiet meiner dei har sikta rett person.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Ein person er alvorleg skadd etter at ein bil køyrde inn i ei folkemengd i Fresvik i Sogn laurdag kveld.

-Heilt frykteleg, seier augevitne.

Sjokkerte augevitne

Fleire personar vart sjokkerte augevitne til at tre personar vart påkøyrde på veg til Fresvik natt til laurdag. Påkøyrsla skjedde ved avkøyrsla til Fresvik produkt.

Det var mykje folk langs vegen i samband med ein flakedans, då ein bil køyrde inn i folkemengda, meia ned tre personar og køyrde vidare.

- Heilt frykteleg

- Det var skremmande, heilt frykteleg. Sjåføren må ha merka at han kom borti noko, og da skal han stoppe.

Det seier Olav J. Bøthun som berre var nokre centimeter frå sjølv å bli påkøyrd natt til laurdag.

I samband Mensen Ernst-arrangementet i Fresvik i Sogn var det mange som kom gåande på veg til flakedans. Like før halv tolv kom ein bil køyrande rett inn i folkemengda bakfrå, tre personart vart meia ned. Sjåføren stoppa ikkje, men køyrde vidare.

- Eg gjekk i lag med ein av dei som vart trefte, han vart berre kasta i frå meg. Det var veldig mørkt på staden, så det gjekk nokre sekund før ein skjønte kva som hadde skjedd, seier Bøthun.

Ein alvorleg skadd

Ein 37 år gammal fresviking vart alvorleg skadd i ulukka, medan to polakkar vart lettare skada.

To av dei vart frakta til sjukehus med luftambulanse. Den eine til Haukeland, og den andre til Førde. Den tredje vart køyrd til sjukehuset på Voss med vanleg ambulanse.

Dei to hardast skadde ligg framleis på sjukehus.

Bøthun er arbeidsgjevar for polakkane og hendinga har gått sterkt inn på han.

- Det er omtrent som ein i familien, det er nærare enn eit arbeidsgjevar-arbeidstakar-forhold, så det er frykteleg å oppleve noko slikt.

Nektar for køyringa

Poltiet pågreip ein mann like etterpå. Mannen var rusa, og er sikta i saka. Lensmann i Vik, Ove Andersen, seier mannen nektar for å ha køyrt bilen.

- Mannen er avhøyrt og har sagt han har vore i området. Han nektar for køyringa, men kan ikkje forklare korleis bilen hans er komen frå A til B, seier Andersen.

Bilen vart funnen omlag ein kilometer frå ulukkesstaden. Vitneutsegn og skader på bilen gjorde at bileigaren raskt vart pågripen og sikta i saka.

- Vi meiner vi har sikta rett person, seier Andersen.

Fengselstraff

Politiet avhøyrer i dag fleire vitne i samband med hendinga for å klargjere kven som køyrde bilen. Andersen seier det er sjelden dei er borti slike saker her i fylket, og at sjåføren kan vente seg fengselsstraff

- Eg ser ikkje bort frå at ubetinga fengsel kan vere aktuelt i saka, utan at eg kan seie noko sikkert om det, seier Andersen.

Mykje folk

Det var ei stor menneskemengd samla i Fresvik denne kvelden på grunn av Mensen Ernst-løpet, som er til minne om løparkongen Mensen Ernst som kom frå Fresvik.