Hopp til innhold

Øgar kritisk til gransking

Fylkeslege Petter Øgar kritiserer kommunen for at ein framleis ikkje veit om den sterke gasslukta i Gulen er helsefarleg.

Petter Øgar.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Medan kommunelege Tommy Norman skuldar SFT for å vise lite engasjement i å få klarlagt gassen, fråskriv SFT seg ansvaret i å klarlegge faregraden av den. Fylkeslege Petter Øgar rettar peikefingeren attende på kommunen.

 

Kommunelege Tommy Norman i Gulen
Foto: Steinar Lote / NRK

Kommunen sitt ansvar

Øgar seier at gassproblema heilt klart er eit problem innan miljøretta helsevern og at det då er kommunen sitt ansvar å få situasjonen under kontroll.

- Her er det forhold i miljø som skapar uhelse hjå folk. Då har verksemda primært ansvar for å rydde opp, men kommunen har også eit klart ansvar for å ivareta det miljøretta helsevern. Her må kommunen bruke verkemiddel i lovverket, få klarlagt situasjonen og få den under kontroll. Det burde vere kompetanse på området i Noreg som ein kunne nytta for å få dette klarlagt, seier Øgar.

- Alvorleg situasjon

Fylkeslegen meiner at ein to veker etter eksplosjonen ved Vest Tank burde vite kva gassar som gjev naboane anlegget til dels omfattande helseplager. Medan det framleis er uvisst om gassen er farleg eller ikkje, slit naboane til Vest Tank med rennande auge, sår hals og oppkast. Situasjonen er ikkje haldbar, seier Øgar.

- Det er alvorleg at folk har plager og ikkje veit kor farleg det er og kva det skuldast. Det skaper naturlegvis uro. Det er lite som tilseier at dette er veldig farleg, men situasjonen er ubehageleg og lite tilfredsstillande, seier han.

Tek kritikken med ro

Kommunelege Norman i Gulen tek ikkje kritikken særleg tungt. Han viser til at området i lengre tid har vore sperra av politiet og at det har vore umogleg for han å finne ut om gassen er helsefarleg.