Klokka 20.14 kunne SFE melde at heile fylket har fått straumen tilbake.
– Det er ein feil på ein trafostasjon på Sunnmøre som gjer at heile sentralnettet ligg ute, sa kommunikasjonsdirektør i SFE, Kai Petter Sårheim, tidlegare torsdag kveld.
Dreiv omkopling
Ifølgje Sårheim er det Statnett og andre selskap på Sunnmøre som jobbar med feilen på Sykkylven. SFE på si side prøvde ein periode å kople om slik at Sogn og Fjordane skulle få straum frå aust og sør.
– Omkoplinga vil kunne gjere straumtilførselen noko ustabil i ein periode, og mellom anna medføre at straumen vert vekke også i indre delar av Sunnfjord og Førde, seier Sårheim.
Var mørkt i nærare to timar
Kvart over åtte torsdag kveld har heile fylket fått straumen tilbake
– Vi har jobba med å byggje opp igjen nettet, og er komne eit godt stykke på veg der, men det er framleis enkelte område i ytre Nordfjord og ytre Sunnfjord som framleis manglar straumen, sa Sårheim rundt klokka halv åtte.
– No ser det ut til at store delar av sentralnettet er oppe og går, og då gjeld det eigentleg berre å få kopla inn stegvis inn mot dei som framleis ikkje har fått igjen straumen, fortalde han.
– Så det vart kanskje ikkje så dramatisk som det først såg ut til?
– Det kan du seie, men samstundes er det aldri hyggjeleg når ein opplever mørklegging av så store område, men vi har jobba hektisk og så godt vi kan for å få igjen straumen så kjapt som mogleg.