Hopp til innhold

Henden Gaasø saknar stafetten

Trygve Henden Gaasa (22) er tilbake i NM etter to år på sidelinja grunna overbelastning. Torsdag tok han ein sterk 34. plass på 15 km friteknikk. Fredag vart det 48. plass på sprinten.

Trygve Henden Gaasø

I NM: Trygve Henden Gaasø er tilbake. Han blei 34. på 15 km friteknikk, medan han ikkje gjekk viare frå prologen på sprinten.

Foto: Vestpress

Trygve Henden Gaasa (22) er tilbake i NM etter to år på sidelinja grunna overbelastning.

– Det er alltid kjekt med NM, men eg saknar stafetten her i helga, seier han.

– Positive opplevingar

Gjøran Tefre

SKUFFA: Gjøran Tefre var to sekund frå å nå gå vidare frå prologen i NM-sprinten på Gåsbu.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Trygve kom for første gong skikkeleg i fokus i nasjonale media under NM-stafetten i 2007.

Då gjekk han som blodfersk 17-åring ut på sistetappa i leiinga etter at Roger A. Djupvik og Oddbjørn Hjelmeset hadde gått Fjellhaug/Vereide opp i leiinga.

– Vi blei nummer sju. I 2009 vart vi fem. Skjølv om eg ikkje lukkast hundre prosent i min rolle som førstereisegut var dette positive opplevingar, og minne for livet, seier Henden Gaasø som i 2007 kom rett frå andreplass på norgescup i junior.

Glad for å vere tilbake

Han var og aktuelt for junior VM i fleire år.

– Eg fekk aldri gå VM, så stafettane på Hovud-NM er blant mine største augneblink som aktiv, seier glopparen som etter to år ute med skade er glad for å vere tilbake.

– Før start torsdag håpa eg på ein topp 50 plassering. Dette var overraskande bra, seier Trygve som understrekar at treningsgrunnlaget ikkje er det beste.

Satsar for fullt

– Eg satsar vidare, og neste sesong håpar eg å hevda meg endå høgare på resultatlistene, understrekar han.

Henden Gaasø bur som dei fleste av våre toppløparar i langrenn og skiskyting på Lillehammer.

– Her blir eg nok buande så lenge eg satsar for fullt, avsluttar han.