Hopp til innhold

Med sjukdom i kroppen

Ronny Hafsås blei nummer 14 på 15 kilometer friteknikk då NM på ski starta i Vangsåsen i går. Ronny har vore sjuk, og like til start vurderte han om han skulle gå eller ikkje.

Ronny Hafsås

SJUK: Ronny Hafsås vart sjuk i førre veke, men gjekk likevel dagens 15 kilometer friteknikk i Vangsåsen.

Foto: Torbjørn Iversen / Vestpress

– Her var det mykje fram og tilbake. Det gjekk tungt. Eg er ein løpar som taklar dårleg å ha to vekers pause framfor viktige renn, seier Hafsås.

– For langt bak

Hafsås vart den beste av våre lokale løparar, med Gjøran Tefre og Trygve Henden Gaasø på høvesvis 24. og 35. plass.

Hafsås kom i mål to minuttar bak Martin Johnsrud som vann.

– Det er altfor mykje. Dette blei noko tamt, men med den inngangen eg har hatt til meisterskapen var det nok ikkje anna å vente, oppsummerer han.

Den tidlegare Stårheim-guten, som no går for Lillehammer, håpar å vere tilbake for fullt på laurdagens 30 km duatlon.

Gjekk med sjukdom

Hafsås har alltid vore klart best i friteknikk. Her har den tidlegare skiskyttaren både NM-medaljar og siger frå World Cup.

– Ronny blei sjuk for ei veke sidan. Han har slite med ein sår hals, og det var ikkje berre lett å senda han ut i sprengkulda her i dag, seier trenar for Lillehammer Torstein Drivenes.

Blant dei beste

Hafsås har heile vegen presisert at stafetten under NM-veka er viktig for han. Lillehammer har eit svært bra lag.

– Ronny i form er ein av våre klart beste. Vi får berre håpe at han kjem i betre form til sundagens stafett, seier Drivenes som reknar med han vil teste Ronny på laurdag.

– Ronny har trena mykje klassisk i vinter, og han kan nok gjera ein bra duatlon om han er tilbake i toppform, seier Drivenes.

Ingen VM-tur

Tre av fire plassar på VM-laget til 15 km friteknikk var i praksis alt klare før dagens renn. Sjur Røthe, Martin Sundby og Petter Northug er klare.

Hafsås i toppslag var ein av dei som kunne blande seg på i kampen om den fjerde og siste plassen. Det toget gjekk nok på Gåsbu like ved Hamar i dag.

– Ronny har fleire viktige renn både i inn og utland framfor seg i tida som kjem, avsluttar Drivenes.