Hopp til innhold

Sprengd kapasitet på flyplass

Kapasiteten på Førde lufthamn Bringeland er sprengt. Lufthamnsjefen meiner veksten blir avgrensa av den dårlege kapasiteten.

Widerøe fly - Førde lufthamn

VEKST PÅ FLYPLASSANE: Men i Førde er kapasiteten sprengd og veksten er ikkje så stor som den kunne vore, seier lufthamnsjefen.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Til avisa Firda seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal at dei kunne hatt betre passasjervekst om dei hadde hatt større kapasitet.

– Sjølv om vi har fleire passasjerar enn i Florø, har dei større kapasitet enn oss, seier han til Firda, og meiner at flya bør brukast der det er størst etterspurnad, seier han til avisa.

Ifølgje Gjesdal er det mange billige billettar Florø for å fylle opp kapasiteten.

Bringeland har hatt ei passasjerauke på om lag fem prosent i forhold til i fjor, ei auke Gjesdal meiner burde vore mykje større.

– Vi burde hatt høgare tal enn dette, seier han

Også dei andre flyplassane i fylket har hatt ei auke i passasjertalet. Sogndal har gått opp 9, 1 prosent, Sandane 13 og Florø 11,9 prosent.