Det var forbipasserande som høyrde rop om hjelp, og såg ein båt gå i ring, som varsla politiet klokka 5.27 natt til laurdag. Etter ei stund kom redningsskøyta Emmy Dyvi til staden, og fekk berga dei to opp av vatnet. Også ein tredje mann, som var igjen i båten, blei teken hand om.
Nedkjølte
- Mennene var nedkjølte og blei sende til sjukehus, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.
Det var mannskapet ombord på redningsskøyta Emmy Dyvi som først kom fram til stades, og skipperen er ikkje i tvil om at situasjonen var alvorleg.
- Det var veldig dramatisk for dei to i vatnet. Eg trur ikkje dei hadde klart seg utan vår hjep. Den eine hadde såvidt munnen over vasskorpa, seier skipper tom Kausanrød.
Mistanke om promille
Ifølgje politiet hadde to av dei falle overbord utanfor Kiperviktoget, like ved land. Operasjonsleiar Trygve Ødegård seier dei mistenkjer føraren av båten for promillekøyring.
- Vi har førebels ikkje fått tatt blodprøver av dei, men vi mistenkjer promillekøyring, seier han.