Hopp til innhold

Så mykje stig havet hos deg

Ein ny rapport fortel kor mykje havnivået kjem til å stige i alle kystkommunane fram til 2050 og 2100.

Storm på havet
Foto: Johnny Blindheim

Rapporten er laga av Bjerknessenteret på oppdrag frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Meininga er at rapporten skal vere til hjelp for kommunane i planlegginga.

2050 og 2100

Den minste stigninga i havnivået får vi inne i fjordane på Nordmøre. I Surnadal og Sunndal vil havnivået ha stige med 15 cm i 2050 og med 58 cm i 2100. Havet stig meir ytst på kysten. Til dømes er tala for Sandøy 21 cm i 2050 og 70 cm i 2100. I Herøy: 22 cm i 2050 og 72 cm i 2100.

Rapporten har også tal for kor høgt havet kan stige ved stormflo. Då kan det i 2050 vere snakk om ca. 2 meter over dagens normalnivå.

I rapporten finn du altså tala for alle dei norske kystkommunane, ordna fylkesvis.

Les rapporten om havnivåstigninga

Forskarane tek mange atterhald når det gjeld desse tala. Mykje er uvisst, men utrekningane deira er konservative, seier dei. Cathrine Andersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap seier det er klart at havet stig, og at tala ikkje kan haldast tilbake.

Hjelp i planlegginga

- No kan kommunane lettare vurdere kvar nye hus kan byggjast og korleis. I tillegg må vi rekne med meir uvêr: fleire og sterkare stormar og slagregn som aukar belastninga både på moloar og bygningar, seier Cathrine Andersen. Ho trur denne rapporten vil hjelpe kommunane til å bli meir bevisste i arealplanlegginga og tildelinga av byggjeløyve.

I Sandøy har dei alt byrja å ta omsyn til at havet stig, seier ordførar Oddvar Myklebust. Ei ny kai er heva på grunn av dette, og kommunen har bedd bedriftseigarane om å rekne med havstigninga når dei skal byggje nye hallar.