Hopp til innhold

1FM får bli

Radio 1FM har fått konsesjon og blir på lufta i sju nye år.

Mikrofon
Foto: Morten Skogly / NRK

Medietilsynet omgjorde vedtaket og radiokanalen 1FM i Molde får halde fram skriv Rbnett.no.

I mai fekk radiostasjonen melding om at Medietilsynet ikkje ville fornye konsesjonen.

Frå nyttår 2009 skulle 1FM vere historie, men etter eit felles brev frå dei tre radiokanalane i Molde, 1FM, Radio PS og Norrøna Radio ombestemte Medietilsynet seg.

- Vi fekk forhandla oss fram til ei løysing som var til det beste for alle partar, seier kanalsjef Carl Henrik Indbjør i 1FM til Rbnett.no.