- Det er ei fantastisk naturoppleving, fyrst og fremst, seier Fostervold.
- I Noreg sin finaste natur, legg han til. Aursjørittet er eit hardt ritt, der ein hard bakke tidleg i løpet vil skille dei beste frå dei som er eit hakk lenger nede på lista, meiner Fostervold.
Som kaptein for Nesset CK Elite sykla han i dag gjennom løypa for å teste den.
Må vere i god form
- Den fyrste bakken er ei utfordring for alle, der dei får utfordre seg sjølv, meiner han.
Deretter kjem det ei lang flate, der dei får sett den vakraste naturen i Noreg, som Fostervold kallar den, før dei skal vidare ned ein bratt bakke der ein må passe tempoet.
- Eg trur mange har dette som eit mål for sesongen, kanskje ved sida av Birkebeinerrittet, seier Fostervold.
- Eg trur folk skal vere i god form for å køyre fort opp den bakken for å halde stor fart opp denne bakken, legg han til.
Ventar 700 syklistar
Knut Anders Fostervold grur seg mest til utforbakkane, når rittet går neste helg, og trur han må ha stor luke for å halde motstandarane bak seg. Likevel trur han at forma kan gjere at han kan vere med å kjempe om sigeren.
Han vil unngå store fallulukker i rittet, og oppmodar rytterane om å bruke hovudet når dei skal ned dei brattaste bakkane.
500 mennesker er allerede påmeldt til årets ritt, som er det tredje i rekka. Arrangørane ventar om lag 700 syklistar til sykkelrittet, som går fra Eikesdal sentrum til Sunndal sentrum over Aursjøveien.
Tour de France-stemning
- Eg trur det har med den fantastiske ruta vi har funne i Nesset, seier Fostervold om grunnen til at rittet har blitt så populært.
- Det er rett og slett spektakulært. Litt Tour de France-stemning med folk i løypa. Nokre tek det som ein tur, medan andre satsar på å køyre fort, så det blir ei fin blanding, der alle får ei fin oppleving, fortel Fostervold.
Han håpte lenge på å kome seg til OL i Kina, men grunna tidsmangel fekk han ikkje trena nok til det.
- Eg må tilpasse treningsintensiteten til familiesituasjonen, seier han.
Imponert over Arvesen
Han meiner at Kurt Asle Arvesen har gjort ein veldig bra jobb i Tour de France i år, og trur ikkje det å vere hjelperytter er eit problem for Arvesen.
- Det er litt som å vere venstreback i fotball. Dei er så vant til det at det sit i ryggmargen, seier han. Dei har ulike roller i laget, og er du venstreback så må du gjere jobben din, fortel han.
Og den tidlegare venstrebacken på Molde Fotballklubb, no toppsyklisten, Knut Anders Fostervold, ladar no opp fram til Aursjørittet 2. august, der han håper å kjempe om sigeren.
Harde bakker, både oppover og nedover, venter syklistene som prøver seg på Aursjørittet 2. august. Her prøver Knut Anders Fostervold løypa, i det han kallar 'Noreg sin vakraste natur'.
Foto: Aursjørittet