Hopp til innhold

Jente (14) alvorleg skadd etter påkøyring

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ei 14 år gamal jente er alvorleg skadd etter at ho miste kontroll over hesten sin og vart påkøyrd av ein bil på Frei torsdag ettermiddag.

– Jenta har alvorlege skadar i hovud, ansikt og bryst, opplyser mottakkinga ved sjukehuset i Kristiansund til NRK torsdag kveld.

– Bilisten hadde ikkje sjans til å stoppe

Ulykka skjedde på riksveg 70 på Prestmyra på Frei utanfor Kristiansund torsdag ettermiddag.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 16.37.

– Bilisten hadde ikkje sjans til å stoppe. Hesten kom byksande rett ut i vegen, fortel operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Sigvart Sivertsen til NRK.

Hest ute av kontroll

Fleire vitne har fortalt politiet at hesten var ute av kontroll.

– Vitna seier det virka som om jenta hadde vorte kasta av og hang på sida av hesten då den sprang ut i vegen. Der vart dei køyrt på av den uheldige bilisten, seier Sivertsen.

Bilføraren er ei kvinne i 50-åra frå Kristiansund. Det er ikkje mistanke om at kvinna var rusa.

Jenta vart sendt til sjukehuset i Kristiansund i ambulanse.

Torsdag kveld opplyser sjukehuset til NRK at sjølv om jenta har alvorlege skadar, er dei ikkje livstruande. Situsajonen er stabil og ho vert frakta til St.Olavs Hospital i Trondheim.