Hopp til innhold

Fem til legevakt etter brann i tørketrommel

Barnefamilien i Fana i Bergen slapp med skrekken etter at tørketrommelen tok fyr.

Brann i bolighus

TØRKETROMMEL: Brannvesenet måtte inn i huset med røykdykkarar for å få ut tørketrommelen.

Brannvesenet meldte like etter klokka 19 sundag kveld om ein brann i eit bustadhus i Slåtthaugvegen i Fana i Bergen.

- Det var tørketrommelen som hadde tatt fyr og brannen hadde spreidd seg til vaskemaskina like ved, seier brigadeleiar Kjell Heggdal i brannvesenet.

Ein av bebuarane sløkte sjølv brannen med eit pulverapparat.

Mykje røyk

- Det var store mengdar røyk i bygget, så me måtte inn med røykdykkarar og fekk tatt ut tørketrommelen for å få sløkt skikkeleg, seier Heggdal.

Dei fem som var i bygget kom seg alle ut før brannvesenet kom til staden. Familien vert sendt til legevakt for sjekk grunna dei store mengdane røyk som var i huset.

Brannårsak

Brannvesenet reknar med at brannen anten har starta i det elektriske anlegget eller i lofilteret i vaskemaskina.

Tørketrommel tok fyr

TOK FYR: Brannvesenet måtte inn i huset med røykdykkarar for å få ut tørketrommelen som tok fyr.

Foto: Ole-Andrè Lagmandokk / NRK

- Det er store skadar i delar av huset etter slukkinga, seier Heggdal.

Brannen vart meldt sløkt klokka 19.27, og skal ikkje ha spreidd seg til andre delar av huset.

Les òg: BRANNTRYGGLEIK: Dette må du passe på

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.