Klonar smakfulle kulturminner

Gunnbjørg Øyre i klonsamlinga til Hjeltnes gartnarskule
Foto: Rebecca Nedregotten Strand/NRKNår du set tennene i eit saftig norsk eple, tek du ein bit av kulturarven. I Ulvik blir utdøyande sortar redda med kloning.
Publisert 14.02.2008 10:15.
- Skriv ut
Før vart det dyrka over 100 ulike eplesortar i Hardanger, no er det berre rundt ti att.
– Tre døyr ut grunna alder eller vanstell, fortel Knut Nes.
Han er avdelingsleiar for frukt og bær-hagen på Hjeltnes gartnarskule og epledetektiv.
Sidan 1994 har gartnarskulen i Ulvik jobba for å redde utdøyande sortar.
No er over eit hundre tre planta ut i klonsamlinga inst inne i Hardangerfjorden.
– Dette er eit levande klonarkiv, for viss me skal gje gamle sortar eit vidare liv må me dyrke fram nye tre.
Det seier Gunnbjørg Øyre. Ho er rektor på gartnarskulen.
Spesielt godt hugsar ho ei av redningsdådene.
– Me kom til ein gard der det låg eit rotvelta sjeldant epletre, seier ho. Det skulle eigentleg vore fjerna, men der var levande kvistar som me kunne bruke til poding og lage nye tre av.
"Eg hogg ned den store apalen.."
Diktaren Olav H. Hauge har skrive eit dikt om ein av dei utdøyande eplesortane.
I "Eg hogg ned den store apalen utfor glaset" skildrar han korleis han må fjerne eit flaskeepletre fordi gartnarhallen ikkje lenger vil ha slike eple.
No er flaskeepletreet si framtid redda, og nye tre veks fram i klonsamlinga.
– Me har to tre i samlinga vår, sist haust hadde me eple derifrå på utstilling, fortel Knut Nes. Det er eit litt seint hausteple.
Også andre kulturhistorisk viktige epletre er sikra vidare liv. Mellom anna har klonsamlinga bistått i oppattbygginga av den originale frukthagen på baroniet i Rosendal.
No skal samlinga få sin eigen plass, der interesserte kan kvile medan dei lærer meir om den smakfulle kulturarven.
"Flaskeepleplassen" skal opnast i samband med eit hundre årsfeiringa av Olav H. Hauge i sommar.
– Me vil lage ein kvileplass, fortel Øyre, og der skal me også plante eit flaskeepletre.
Siste: NRK Hordaland
– Gikk fra fest i sinne - Fem personer ennå ikke hentet ut
- Boligblokk evakuert etter brann
- Etterforsker videre for fullt
- Mulig ikke å huske noe fra et drap
- Rystet etter pågripelsen
- Var Facebook-venn med familien
- Familien: – Dypt tragisk
- – Husker ingenting fra drapskvelden
- – Siktede uforstående til anklagene
Nyhetsarkiv Hordaland
Familien: – Dypt tragisk - – Husker ingenting fra drapskvelden
- – Siktede uforstående til anklagene
- – Et stort sjokk at han er 18 år
- 18-åring pågrepet for Os-drapet
- Betaler 4000 i kattedusør
- 87-åring påkjørt av bil
- Ap-topp lei Sponheim-krangelen
- Seks tiltalt for menneskehandel
- 199 arrestert - 189 sluppet fri
- – Sponheim er en fiende av Bergen
- Trailerkaos på E16
- Overlevde tolv timar i snøskred
- Charles og Camilla besøker Norge
- Kom hjem og fant tyver i huset
- Krever Facebook-regler for lærere
- To nye spillere klare i dag
- Militærøvelse skremte folk i Bergen
- Spøker det på Halsnøy kloster?
- Her er Norges mest kjente spøkelser
- Har avsluttet søket i Myrkdalen
- Nachspiel utløste væpnet aksjon
- Chris Medina fronter 22.juli-fond
- Vil gjera som Oslo
- – Bergen er eit dårleg forbilde
- – Seks av ti drikker for mye
- Ozzy kjem i stadenfor Black Sabbath
- Nordmenn har råd til Porsche
- Bergenspolitiet med storaksjon
- Vollvik framleis i trøbbel
- Sender sjokkbølger mot snøskred
- Faren over etter amoniakklekkasje
- Tømrere må gi seg før de er 30
- Pågrepet etter brann på asylmottak
- – Ikke grunn til nazi-frykt
- Slik gjør avisene i Hordaland det
- – Lokalavisene overlever i mange år
- Derfor ble Samuel (19) med Andhøy
- Stor nedslakting av hjort i Bergen
- Sperret inne rusbilist med buss
- Musikken snudde livet til Kjell
- Elsker NY-norsklua
- Politiet vil ikke ransake Hordaland
- – Lett å rekruttera høgreekstreme
- Her skal pilegrimane i Røldal kvila
- Miljeteig glad Holmås trekkjer seg
- – Har DNA fra drapsmannen
- Leciejewski forlenger med Brann
- Forgifta av metamfetamin på ferja
- Døde av for mye smertestillende





