Hopp til innhold

Høgre vil premiere skulekommunar

Høgre vil at kommunane som får best resultat i skulen, skal få millionpremie.

Høgreleiar Erna Solberg seier det er viktig å honorere dei som styrer kommunane for å få ein betre skule.

Premiepotten på 75 millionar kroner skal kunne delast på to eller tre kommunar og fylkeskommunar.

- Det er kommunene som klarar å løfte elevane sine mest, som skal bli premierte, seier Solberg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no