Hopp til innhold

Bli gravid med plaster

Eit plaster med elektronisk avlesar er den nyaste metoden å skaffa seg barn på.

Duo Fertility plaster
Foto: Bulls

Det er forskarar ved Cambridge University i England som har utvikla den nye metoden, som heiter DuoFertility.

Personleg plaster

Plasteret med avlesaren skal setjast nærme bh-stroppen og vera på døgnet rundt. Kvar temperaturendring, inkludert grunntemperaturen i kroppen, blir registrert.

Når ei kvinne har eggløysing stig temperaturen med 0,5 - 1 grad. Temperaturstigningen held seg fram til menstruasjonen. Når den som ber plasteret har hatt det på seg ei tid, lærer det seg denne personlege eggløysingssyklusen.

- Mest nøyaktig

Etterpå kan du ved hjelp av avlesaren kortid som helst sjekka når du har eggløysing.

I følgje forskarane bak DuoFertility er metoden deira den sikraste, takka vera temperaturmålingane.

- Me har prata med legar om DuoFertility og dei har vore veldig entusiastiske, seier ein av forskarane, Oriane Chausianux.

LES: - Kortid blir eg gravid?

Dyr metode

Duo Fertility skal vera tilgjengeleg på den britiske marknaden mot slutten av året. Men dersom du er interessert kjem det ikkje til å bli billig.

Prisen på produktet kjem til å ligga på omlag 5.800 kroner.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger