Hopp til innhold

Danske lærarar åtvarar norske kollegaer: – Ikkje kopier dansk skule!

Arbeidstidsavtalen til norske lærarar er i spel når kommunane og lærarane sit i mekling. – Sjå iallfall ikkje til Danmark, åtvarar danske lærarar.

40.000 danske lærarar samla seg til demonstrasjon i København 11. april i fjor under lockouten. Sjå reportasje frå Danmarks Radio.

MISLIKAR: Danske lærarar er ikkje nøgde med folkeskulereformen, noe dei gjorde klart undar store protestar i fjor. Sjå reportasjen frå Danmarks Radio.

Maisola skin på barna på Sengeløse skole på Sjælland. Skuledagen er over og barna kosar seg med formingsaktivitetar, ballspel og sykling på SFO. Men skuleidyllen skjuler ein bitter konflikt som har prega det siste året. Frå august blir det nemlig mindre SFO-leik og meir skule for danske barn. Det er ikkje alle glade for.

– Ikkje framskritt

Mads Thranov

Mads Thranov er lærar og tillitsvalt ved Sengeløse skole på Sjælland. (Foto: Håvard Grønli)

–Eg trur ikkje det blir noko framskritt, seier Mads Thranov til NRK. Saman med andreklassingane som leikar ubekymra i solsteiken treff NRK læraren som er tillitsvalt på skulen utanfor København. Han mislikar utviklinga sterkt.

For når danskane innfører ein folkeskulereform og utvidar skuledagen, er det lærarane som betalar for det med å undervise meir. Det vart bestemt av Folketinget etter arbeidstidskonflikten i fjor. Og det pregar fortsatt lærarane.

– Det har vore stor frustrasjon gjennom heile dette skuleåret på bakgrunn av det som skjedde i fjor, seier Thranov til NRK.

– Kvaliteten på undervisninga er dalande på grunn av det som skjedde. Om nokre år kjem danskane til å spørje seg kven som hadde ansvar for at dette kunne skje, trur han.

Lockouten

Bakgrunnen for at Mads og titusenvis av andre danske lærarar er skeptiske til endringane i dansk skule er å finne i storkonflikten i fjor. Arbeidsgjevarane i kommunane ville endre lærarane sin arbeidstidsavtale, lærarane sa nei. Målet for dei kommunale arbeidsgjevarane var å få lærarane til å undervise meir, at dei skulle vere meir på skulen, og kommunane ville kvitte seg med det dei meinte var eit rigid regelverk som gav lite styringsrom til den enkelte rektor.

Etter ein periode med forhandlingar – som lærarane slett ikkje meinte var reelle forhandlingar – vart det storkonflikt.

Danske lærere demonstrerer i Odense.

Danske lærere demonstrerer i Odense 11 april i fjor.

Kommunenes landsforening, KL, innførte lockout då dei ikkje fekk med seg lærarane på endringane. Det betyr at arbeidstakarane vart stengt ute frå arbeidsplassane sine. Elevar mista undervisning, foreldre måtte ha barna heime, partane møttest til oppheita debattar i TV-studio og lærarane aksjonerte i gatene og på Youtube.

Men einige vart dei ikkje.

Lærarane ville ha sin arbeidstidsavtale, kommunane ville kvitte seg med heile avtalen. Der sto saka i fire veker. Til regjeringa greip inn. Og innførte ei lov som i stor grad gjorde det arbeidsgjevarane ville.

– Vi tapte alt, meiner lærar Mads Thranov.

Det betyr at til hausten må danske lærarar undervise to til tre timar meir i veka i snitt, og dei får meir bunden tid på skulen. På denne måten kan Danmark gjennomføre ein skulereform som gir elevane meir undervisning – utan at det kostar så mykje.

Norske forhandlingar

Standpunkta i den danske striden er langt på veg like dei standpunkta Kommunesektorens Organisasjon (KS) og Utdanningsforbundet, som representerer lærarane, har hatt i arbeidstidsforhandlingane i Noreg no i år. Denne helga sit partane i mekling hos Riksmeklaren som ein del av det norske kommuneoppgjeret. Arbeidstida til lærarane er av dei vanskelegaste emna som ligg på bordet. Samtidig skal dei forhandle løn. Men begge partar har sagt at dei vil prøve å halde pengar og arbeidstidsavtale frå kvarandre.

– Arbeidstida til lærarane er ikkje til sals for pengar, sa Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet og forhandlar for Unio kommune til NRK då det vart brot i forhandlingane 30.april.

Danmarks statsminister hadde store problemer med å bli hørt da hun holdt 1. mai-talen i 2013.

Danmarks statsminister hadde store problemer med å bli hørt da hun holdt 1. mai-talen i 2013.

Ein lockout blir vurdert som lite sannsynlig i Noreg, og forhandlingane mellom partane om arbeidstid ser ut til å ha vore meir reelle enn i Danmark. Men både arbeidsgjevarane og arbeidstakarane har hausta erfaringar frå det som skjedde i Danmark i fjor.


– På tide med eit stort steg

Michael Ziegler er ordførar i Høje-Taastrup kommune på Sjælland, kommunen der Mads er lærar. I fjor på desse tider var Ziegler lagt for hat av titusenvis av lærarar i heile Danmark. Det var han som var sjefforhandlar for KL, Kommunenes Landsforening. Det var han som køyrte ei knallhard linje mot lærarane. For han visste kva han ville.

Michael Ziegler

Michael Ziegler forhandla for kommunane og blei nærast lagt for hat av danske lærarar. (Foto: Håvard Grønli)

– Vi kunne ikkje leve med dei små skritta lenger, det var på tide å ta eit stort steg, seier Ziegler til NRK når vi treff han på ordførarkontoret.

– Den gamle ordninga var ein rigid arbeidstidsavtale som innskrenka rektors rom til å leie. Det var ei viss mengde tid til undervisning som utløyste ei viss tid til førebuing og ei viss mengde tid til andre oppgåver. Det var utruleg umoderne. På moderne arbeidsplassar kan ein leiar prioritere og peike ut retninga. Vi ønskjer moderne leiing som viser tillit til medarbeidarane, men innanfor rammer der det er plass for tydeleg leiing.

Han meiner det var eit enten eller, og seier lockout var naudsynt for å bli kvitt den gamle arbeidstidsordninga.

Og han meiner andre land burde la seg inspirere av det danske kommunar fekk til.

– Eg trur det vi har gjort i Danmark er relevant for andre land. Sjølv om det er ulike avtalar i forskjellige europeiske land, er det ganske typisk at lærarane sine avtalar skil seg frå andre yrkesgrupper. Eg trur at læraravtalane er ein hemsko for effektiv utnytting av ressursane i skulen i alle europeiske land. Difor meiner eg mange land kunne hatt godt av å gjere det vi gjorde i Danmark. Men det krev betydelig politisk mot å ta slagsmålet med ei sterk faggruppe, seier Ziegler.

– Ikkje kopier Danmark

Mens Ziegler og kommunane meiner danskane no vil få ein meir moderne og betre skule, er lærarane i Danmarks Lærerforening (DLF) skeptiske. Svært skeptiske.

Dorte Lange

Dorte Lange, nestleiar i Danmarks Lærerforening, meiner arbeidstidsreformen i den danske skulen ikkje er noko å kopiere. (Foto: Håvard Grønli)

– Lærarane skal undervise meir og det blir mindre tid til førebuing og teamarbeid. Eg trur ikkje det blir en betre skule, seier Dorte Lange, nestleiar i DLF.

Ho veit at både norske kommunar og lærarorganisasjonar har studert det som skjedde i Danmark. Men ho håpar Noreg ikkje går i dansk retning.

– Norske politikarar bør la være å kopiere den tankegangen som seier at elevane blir dyktigare berre lærarane er meir saman med elevane. Undervisning er ikkje berre å vere saman, det er jo at elevane skal lære noko. Det krev planlegging, førebuing, etterbehandling og evaluering.

– Det ein først og fremst får ut av dette er meir skule utan å betale for det, og det veit eg ikkje blir betre skule. Internasjonal forsking seier at lærarar treng tid ved sidan av undervisninga for å skape ein god skule.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger