Hopp til innhold

Brannvesenet i Lærdal takka nei til tidleg hjelp frå Bergen

Brannvesenet i Lærdal venta med å kalla ut alt tilgjengeleg mannskap under storbrannen der 40 bygningar gjekk tapt. Det viser alarmsentralen sin eigen logg.

Brann i Lærdal

VENTA MED Å KALLA UT STYRKAR: Over 100 brannfolk deltok i sløkkingsarbeidet. To timar og tjue minuttar etter at brannen starta slår Bergen brannvesen alarm.

Foto: Jan Erikstad

Bergen brannvesen melde seg tidleg for å hjelpa brannvesenet i Lærdal, men det lokale brannvesenet venta med å ta imot tilbodet. Loggen syner at brannvesenet i Lærdal får tilbod om hjelp frå Bergen brannvesen klokka 23.39.

– Dei takka for tilbodet, men sa dei førebels ikkje hadde behov for hjelp , seier brannsjef i Bergen, Johnny Breivik.

Rett før klokka 01.15 er første bil på veg frå Bergen

Venta med å kalla ut styrkar

Johnny Breivik

TAKKA NEI TIL TIDELEG HJELP: – Dei takka for tilbodet, men sa dei førebels ikkje hadde behov for hjelp , seier brannsjef i Bergen, Johnny Breivik.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Laurdag 18. januar starta det som vart ein av dei mest øydeleggjande brannane i Noreg i nyare tid. 40 bygningar blei totalskadde på Lærdalsøyri i storbrannen som spreidde seg heile natta.

Men alarmsentralen sin eigen logg viser at brannmannskapa lokalt venta med å kalla inn ekstra styrkar.

Rett før klokka 01.00 er storbrannen eit faktum. Først då kjem kontrabeskjeden, og første bilen frå Bergen byrjar på to og ein halv time utrykking mot Sogn.

– Då rykte dei frå Arna, fordi dei har kortast køyretid, fortel Breivik.

Brannsjefen seier at Bergen Brannvesen har kompetanse og utstyr som mindre brannkorps ikkje har. Ein kompetanse det hadde vore naturleg å ville ha på plass så tidleg som mogeleg.

– Det å leia slike aksjonar er krevjande, sjølv for eit brannvesen som Bergen. Ein skal ha litt erfaring for å ha så mykje folk i sving, fortel Breivik.

– Kan det vera ein såra stolheit i å måtte be om hjelp til å leia?

– Det kan godt hende at det er, seier brannsjefen.

Ville ha brannvesenet i Bergen på vent

Gaute Johnsgaard

PÅ VENT: Brannsjef i Lærdal og Årdal, Gaute Johnsgaard seier dei ville venta med å kalla ut styrkar frå Bergen.

Foto: Johan Moen

– Dei vurderingane som blei gjort var korrekte der og då. Kunne ting ha vore gjort annleis er det noko me må sjå på, og så får me ta lærdom av det, seier Gaute Johnsgaard, brannsjef i Lærdal og Årdal.

Klokka 22.54 rykka Lærdal brannvesen ut. 23.12 starta brannvesen i Årdal utrykking, ein halvtime unna. Aurland slår full alarm klokka 23.37, medan Hydro i Årdal slår alarm rett før midnatt.

Bergen brannvesen slår alarm 01.15. Det er to timar og tjue minuttar etter at brannen starta.

Seinare blir to andre brannvesen i sogn alarmert.

– Ein time etter at brannen starta var det 40 brannfolk her. Fleire kom til etter kvart, fortel Johnsgaard.

– Når Bergen brannvesen melde seg var det mykje mannskap her. Eg trur dei vurderingane som blei gjort var at me hadde nok folk, men at me ville ha Bergen brannvesen på vent.

– Må ta lærdom av brannen

Guttorm Gullaksen

FELL I DÅRLEG JORD: Kritikken frå Bergen fell ikkje i god jord hjå Guttorm Gullaksen, som var innsatsleiar dei siste timane av brannen i Lærdal.

Foto: Johan Moen / NRK

Guttorm Gullaksen var innsatsleiar dei siste timane av brannen. Kritikken frå Bergen fell i dårleg jord.

– Det var berre minuttar før det tok fyr. Då var det overtent så me greidde ikkje å sløkkja den. Eg kan ikkje skjøna at det går an å sitja i Bergen og styra noko sånn. Men det er nokon som er utstyrt med etterpåklokskapens nådegåve, seier Gullaksen.

Breivik seier dette ikkje er første gong dei har blitt tilkalla for seint til store hendinger i distrikta.

– Me ber ikkje om hjelp før vi meiner det er nødvendig. Då er det som regel for seint. Eg tenkjer det no er viktig å ta lærdom av brannen i Lærdal, seier brannsjefen.

Sjå TV-saka:

Lokale brannvesen venta med å kalla ut hjelp frå Bergen