Hopp til innhold

Skansen vil ikkje bli byrådsleiar

Høgre sin gruppeleiar trekk seg som byrådsleiarkandidat. - Eg ønskjer ikkje ein opprivande kamp i partiet, seier Dag Skansen.

Dag Skansen bystyret

GIR OPP KAMPEN: Dag Skansen trekk seg som byrådsleiarkandidat.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det er Bergens Tidende som fredag skriv at Dag Skansen trekk seg som byrådsleiarkandidat. Høgre sin gruppeleiar varsla nominasjonskomiteen i Bergen Høgre på torsdag.

– Eg vurderer at forspranget til Martin Smith-Sivertsen er for stort. Skal eg mobilisere, noko eg opphavleg tenkte å gjera, så risikerer eg at det ikkje blir så pent. Det har eg ikkje lyst til å gjera, seier Skansen til BT.

Ønska ikkje opprivande kamp

Dermed står det to kandidatar att; noverande byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen og Martin Smith-Sivertsen. Sistnemnde lanserte sitt kandidatur i august.

Seinare same månad gjekk Skansen opent ut og utfordra dei to andre kandidatane. Til BT seier han i dag at han ikkje angrar, sjølv om han no trekk kandidaturet ein knapp månad etter.

Han ønske ikkje ein opprivande maktkamp i partiet, slik som det fort ville blitt om han skulle tatt igjen forspranget Smith-Sivertsen har i fleire bydelar.

– Eg har gjennom heile veka tenkt gjennom korleis dette vil bli for partiet. Smith-Sivertsen ligg eit hestehovud framføre, seier Skansen til NRK.

Vil ikkje sei kven han støttar

Han meiner Smith-Sivertsen i lang tid har fått jobba betre med sitt kandidatur enn både han sjølv og Stolt-Nielsen.

– Han har fått snakka med mange i partiet. Eg og Stolt-Nielsen sit på rådhuset heile dagen og er opptatt med mange saker. Så han har komme godt ut av det, held Skansen fram til NRK.

– Det er to kandidatar att – kven støttar du?

– Eg kjem ikkje til å svare deg på det i dag. Eg ventar til nominasjonskomiteen seier sin innstilling. Så får vi sjå, avsluttar Skansen.