Hopp til innhold

Hardingar hekta på hot thaimat

Folk i Eidfjord er umettelege på delikatessene til Wanlanee, Tassanee og Yuttachai. Vårrullar laga heime på kjøkkenbenken har blitt til «big business» i Hardanger.

Thailendarar som sel thaimat i Eidfjord

KOKKANE: Wanlanee, Tassanee og Yuttachai lagar ekte thaimat i Eidfjord i Hardanger.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det går veldig godt faktisk. Dei lokale har verkeleg fått smaken på thaimat.

Magnar Røise og Aschalee Røise

INITIATIVTAKARANE: Ekteparet Magnar og Aschalee Røise har starta med å selja thaimat på kaia i Eidfjord sentrum.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nede på kaia i Eidfjord sentrum, rett før riksvegen set kurs frå fjord til fjell, er bua med eksotiske smakar. Det er ekteparet Magnar og Aschalee Røise som står bak. Det heile byrja heime på kjøkkenbenken, forklarar Magnar.

Kona skulle berre lage litt thailandsk mat til vener og naboar. Så balla det på seg. Plutseleg ville mange kjøpe maten hennar.

– Eg laga 200 vårrullar. På ti minutt var dei vekke, ler Aschalee.

Må importere kokker

Kokkane i bua er profesjonelle kokkar, importert frå Thailand. Dette har vore naudsynt for å dekke etterspurnaden.

– Det er familie. Mellom andre er mora til Achalee her. Vi må ha folk som kan koke thaimat.

– Sjølv seier kokkene at dei trivst på arbeidsferie hos slekt i Noreg.

– Nordmenn er veldig hyggelege. Men dei likar annleis mat enn det folk vil ha i Thailand. Den skal ikkje vere så sterk, men først og fremst vil dei ikkje ha så søt mat som den vi sel mest av i Thailand, forklarer Wanlanee Wongkran.

Saka held fram under videoen.

I Eidfjord innst i Hardangerfjorden har folk blitt hekta på mat fra Thailand. Ekteparet Magnar og Aschalee Røise har gjort suksess med maten.

VIDEO: Hardingar er hekta på mat frå Thailand.

– Flott at tradisjonell mat blir utfordra

Det er ikkje berre i Eidfjord at thaimat er blitt populært. På torget i Leirvik på Stord står det tre matvogner i sommar, to som sel thaimat og ei med indiske rettar.

Gunnar Nagell Dahl

POSITIV: Matattache Gunnar Nagell Dahl i Hordaland synest det er positivt at nye rettar blir populære blant nordmenn.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Matattacheen i Hordaland synest det er positivt at mat frå mellom anna Thailand er blitt populært i Noreg.

– Det utfordrar det me held på med sjølve. Vestlandet har veldig sterke mattradisjonar, og det er flott at det kjem andre ting og utfordrar denne. Då ser me betre kva me eigentleg har sjølve, seier matattache Gunnar Nagell Dahl.

Han er likevel litt skeptisk til at ein del utanlandsk mat er veldig sterk.

– Sterk mat øydelegg etter mi meining noko av smakssansane våre. Det vil overdøyva noko av den naturlege smaken som er i kjøtet.

Smakane forandrar seg

Thaimat i Hardanger

THAI-MAT: Mange i Eidfjord har blitt freista av matrettane Thai Take Away kan tilby.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det kjem ein jamn straum innom til lunsj hos Thai Take Away i Eidfjord. Dei fleste skyr av maten dei får servert. Restauranteigarane merkar at matpreferansane til lokalbefolkninga endrar seg.

– Før ville dei ikkje ha sterk mat i det heile. Ikkje ein gong med ein chilli. Men no, gjerne to eller tre eller fire chilli, forklarer Aschalee Røise.

Ekteparet Røise drøymer om at hardingane skal kjøpe så mykje thaimat at dei kan opne opp ein ekte innandørs restaurant. Dei gjer i alle fall Bygde-Noreg litt meir eksotisk.