Hopp til innhold

Over 60.000 ventar på å komma seg ut i arbeid

Folk som slit med å komma inn i arbeidslivet kan måtta venta opp til to og eit halvt år for å få arbeid gjennom arbeidsrettande tiltak. – Det er alt for lang ventetid, vedgår Arbeidsdeprtementet.

Tidlegare rusmisbrukarar i Os har fått ein ny kvardag, takka vera arbeidstrening.

VIDEO: Trond Olsen har fått ein ny kvardag gjennom arbeidstrening.

I Os kommune i Hordaland har tidlegare rusmisbrukarar fått ein ny kvardag. Trond Olsen er ein av dei som har fått arbeid gjennom arbeidstreningsprogrammet til Kirkens sosialteneste i Os.

– Eg har vore borti mykje rus og tull. Det hjelper veldig på å gå her i staden for å sitta heime og sløva, seier Olsen som no jobbar som tømrar.

Rundt 70.000 i kø på landsbasis

Trond Olsen er heldig som har fått plass på arbeidstrening. På landsbasis er det mange tusen som ventar på å få plass på arbeidstrening eller andre arbeidsrettande tiltak.

Johan Martin Leikvoll

UROA: Direktør Johan Martin Leikvoll meiner mange må venta alt for lenge på å få plass på arbeidsrettande tiltak.

Foto: Jon Skille Amundsen

– Rundt 70.000 personar ventar på arbeid gjennom attføringstilbod. Mange av desse er personar med helseplager, rusvanskar, eller lese- og skrivevanskar, seier direktør Johan Martin Leikvoll i Attføringsbedriftene.

– Arbeids- og velferdsdirektoratet sine tal for 1. kvartal 2013 viser at det er i underkant av 64.000 personar som anten ventar på ein aktivitetsplan eller som ventar på tiltaksplass, seier statssekretær Norvald Mo (Ap) i Arbeidsdepartementet.

– For mange som ventar

– Det er for mange, og ventetida er for lang for dei som ventar. Dette ønskjer regjeringa å gjere noko med, seier statssekretæren.

Viss ein inkluderer personar med nedsett arbeidsevne som ventar på oppfølgingsvedtak frå Nav blir det nesten 76.000 personar.

– Kva blir gjort for å få fortgang i dette?

– Det planlagte tiltaksnivået for personar med nedsett arbeidsevne har auka frå 51.900 plassar i 2010 til 55.000 plassar i 2013. Det har skjedd ei jamn opptrapping av tiltaksnivået i denne perioden. Men me satsar vidare, og arbeider med ei melding til Stortinget der tiltaksplassar har ei sentral rolle, seier Mo.

– To og eit halvt år er for lenge

Direktøren i Attføringsbedriftene er uroa over kor lenge mange må venta.

– Nokon ventar så lenge som to og eit halvt år på å få plass. Det må investerast meir i arbeidsrettande tiltak, og det er behov for å gjera system mindre byråkratiske, slik at folk kan komma inn på tiltak raskare, seier Johan Martin Leikvoll.

– To og eit halvt år er for lenge å vente på eit arbeidsretta tiltak. Det er sett i gang grep for å styrka avklaringskapasiteten i Nav slik at saksbehandlingstida kan bli redusert, seier statssekretær Norvald Mo.

– Me treng og ein betre ventetidsstatistikk. Nav arbeider med dette, og det sett i gang eit forsøk som skal synleggjera kva for effektar ventetid har på overgang til arbeid, legg Moe til.

Positiv respons frå næringslivet

Det finst rundt 350 bedrifter og organisasjonar i Noreg som tilbyr arbeidstrening og andre arbeidsrettande tiltak. Litt over 100 av desse er med i bransjeforeininga Attføringsbedriftene. Dei tilbyr både arbeidsførebuande trening og hjelp til kontakt med næringslivet.

– Me hjelper også til med å skaffa folk arbeid i bedrifter i næringslivet. Me opplever at næringslivet er veldig interessert i å ta i mot folk og det har nok mykje å gjera med at me gir tett oppfølging til dei som dei tar i mot, seier Johan Martin Leikvoll.

Gode erfaringar i Os

Gunnvor Hernes Leonsen

GODE ERFARINGAR: Verksemdsleiar Gunnvor Hernes Leonsen har gode erfaringar med arbeidstreninga i Os.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

Vindfanget oppfølgingssenter i Os er ein av Kirkens sosialteneste sine sju oppfølgingssenter som tilbyr arbeidstrening.

– Me har veldig gode erfaringar og ser at dette er vegen å gå. Arbeid er vegen å gå, seier verksemdsleiar Gunnvor Hernes Leonsen.

Trond Olsen jobbar med å skifta ut kledningen på eit stabbur. Han er no rusfri etter å ha hatt rusproblem i mange år, og han meiner det hadde vore lettare å falle tilbake til rusmiljøet utan tømrarjobben.

– Då blir det gjerne til at ein oppsøker feil venner og rusar seg for å få dagen til å gå, seier Olsen.

Fylkesvis oversikt over personar som har behov for arbeidsretta tiltak:

Fylke:

Antall pr. mai 2013

Oslo

10078

Akershus

6172

Østfold

5406

Hordaland

4645

Buskerud

4375

Vestfold

3932

Rogaland

3420

Sør-Trøndelag

3212

Hedmark

3045

Møre og Romsdal

2663

Vest-Agder

2577

Oppland

2331

Nordland

2223

Troms

1955

Aust-Agder

1855

Telemark

1827

Nord-Trøndelag

1555

Finnmark

984

Sogn og Fjordane

891