Hopp til innhold

Opposisjonen vil ha svar etter Drevlands luksusreiser

Politikarane i Bergen vil ha svar på dei uavklarte spørsmåla rundt bergensordføraren sine reiser.

Trude Drevland

BER OM SVAR: Arbeidarpartiet, SV og Venstre ber no om ei redegjering i saka. – Det skal dei sjølvsagt få, seier Drevland.

Som NRK fortalde i går betalte reiarlaget Viking Cruises, som er eigd og drive av Torstein Hagen, for heile turen Trude Drevland (H) gjorde til Venezia med privatfly og luksushotell.

Bergensordføraren har fått kritikk for rolla ho tok på seg under dåpen av cruiseskipet «Viking Star» i Bergen 17. mai i år. Etter skipsdåpen drog Drevland også på cruise på skipet ho er gudmor for.

Ove Sverre Bjørdal

Ove Sverre Bjørdal, bystyrerepresentant for Sp.

Foto: NRK

No vil politikarane i Bergen ha svar på kva som hende då ordføraren drog på luksusreise på eit cruiserederi si rekning i fjor sommar.

– Eg tykkjer det er veldig urovekkande. Det ser ut som at ho har teke imot ytingar i større omfang enn det me opphavleg meinte, seier Ove Sverre Bjørdal (Sp).

LES OGSÅ: – Trude Drevland har ikkje drive med korrupsjon

Politiet har undersøkt saka

NRK kjenner til at politiet har opna ei undersøkingssak mot Drevland. Dei undersøkte hennar rolle etter skuldingar om korrupsjon, men det var før dei var kjend med at ho fekk påspandert ei reise til Venezia. Etter det NRK erfarer vil likevel ikkje politiet gå til sak mot ordføraren no, men saka er framleis ikkje avslutta.

– Det skulle berre mangle at dei ikkje skulle gjere ei slik vurdering av meg, akkurat slik som dei ville gjort med kven som helst andre, seier Drevland.

Sjukmeldt på ubestemt tid

I dag hevdar Bergens Tidende at Drevland jobba for reiarlaget sine interesser i Bergen. Sjølv seier ordføraren at ho ikkje har makt til å påverke.

– Eg vil fyrst og fremst seie igjen, at eg jobbar for Bergen, og eg er veldig medviten om at det er Bergen eg jobbar for, seier Drevland.

Fredag kveld skriv Drevland på sin facebook-profil at ho er sjukmeld på ubestemt tid, på grunn av påkjenningane rundt cruiseskip-saka.

– Ein god del uavklarte spørsmål

Harald Schjelderup

Harald Schjelderup, gruppeleiar for Ap.

Foto: NRK

Arbeidarpartiet, SV og Venstre ber no om ei redegjering i saka. Ap og Venstre har bedt Drevland om å redegjere sjølv, i forretningsutvalet som har møte kvar veke.

– Det er fordi me som politikarar og ikkje minst ordføraren, som byens fremste folkevalde, lever av at alle har tillit til oss. Når det blir stilt spørsmålsteikn ved det, så er det greitt at me har ein roleg diskusjon i etterkant, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Harald Schjelderup.

Oddny Miljeteig

Oddny Miljeteig, nestleiar i SV.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

SV har sendt skriftleg spørsmål til finansbyråden i Bergen, fordi dei meiner han er den rette til å svare.

– Dette har blitt ei så stor sak, og det er ein god del uavklarte spørsmål. Som ansvarlege politikarar må me rett og slett prøve å få dette inn i eit nøkternt kommunalt spor, seier nestleiar i SV, Oddny Miljeteig.

– Det skal dei få med den største sjølvfølgje, seier Drevland.

LES OGSÅ: Krev svar på skipsdåp-avgjerda

Trude Drevland fortel om då ho reiste med privatfly og budde på luksushotell i Venezia, saman med sonen. Rederiet Viking Cruises tok rekninga.

- INGA GÅVE: - Dette var ikkje nokon gåve, det var del av ein jobb eg sa ja til å gjere. Likevel skal det førast inn i eit register over gåver, som eg alltid gjer, ope og ordentleg, seier Trude Drevland.