Hopp til innhold

Mohn: – UiB og HiB bør slåast saman

Trond Mohn trur ei samanslåing med høgskulen kan bringa universitetet nærare samfunnet. Dette er rektor ved Høgskulen i Bergen einig i. – Vi ønskjer på sikt å vekse saman som ein institusjon, seier rektor Ole Gunnar Søgnen.

Trond Mohn

GODT SAMARBEID: I går gav Trond Mohn (t.v.) 25 nye millionar til ingeniørutdanninga ved høgskulen. Til høgre sit Ole Gunnar Søgnen, rektor ved Høgskulen i Bergen.

Foto: Sølve Rydland

– Eit stort universitet som omfattar høgskulen trur eg er ein veldig god ting, seier næringslivsmannen og velgjeraren Trond Mohn.

Han meiner at Universitetet i Bergen og Høgskulen i Bergen må slåast saman.

– Då får vi mange fagfelt saman og blir meir synlege i samfunnet. Det er alltid eit godt spørsmål å stille. Kva plass skal institusjonen ha i samfunnet? Eg trur det er viktig at vi høgskulen kan brunga universitetet nærare samfunnet, seier Mohn.

I går gav Mohn 25 nye millionar til ingeniørutdanninga ved høgskulen. Gåva skal styrka forskinga ved avdelinga for ingeniørfag. Gjennom Framo-stiftelsen har Mohn dermed bidrege med 62 millionar til ingeniørutdanninga.

Vil vekse saman

Ole Gunnar Søgnen som er rektor ved Høgskulen i Bergen, ønskjer å samarbeide med universitetet.

– Vi er opptatt av å utvikle samarbeidet mot universitet sånn at vi på sikt kan vekse saman som ein institusjon, seier Søgnen.

– På det tekniske området så er universitetet og høgskulen veldig komplementære. Det vil vere lett å ta ut gevinstar frå eit sånt samarbeid. No ventar vi på ei stortingsmelding som vi håpar vil gje nokre svar, legg rektoren til.

Ny høgskulekart

Regjeringa skal om to veker leggja fram ei stortingsmelding om korleis høgskulekartet i landet skal sjå ut.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har lova at han ikkje vil leggje ned studiestadar, men har bedt alle høgskular om å sjå seg om etter ein partnar.

– Det er så mange analysar som har peika på at om du har små, fragmenterte fagmiljø blir ikkje kvaliteten på forsking eller utdanning nødvendigvis bra nok, seier han.