Hopp til innhold

Legg ned nærpolitistasjonane i Bergen

Politiet legg ned nærpolitiet på Landås og Løvstakken. – Dette er ei skandale, seier byrådsleiaren.

Olav Valland

LEGGER NED: I eit brev politistasjonssjef i Bergen sentrum, Olav Valland, har skreve under kjem det fram at politiet har vedteke å leggje ned nærpolitistasjonane i Bergen kommune.

Foto: NRK

I eit brev skrive under av politistasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon, Olav Valland, står det at politiet etter ei intern vurdering har bestemt seg for å stenge nærpolitistasjonane på Landås og Løvstakken.

– Dei fungerer ikkje så godt som vi ønskjer, seier Valland.

Problemområde

Oppgåvene til nærpolitiet er å førebyggje kriminalitet i område som er belasta. Nærpolitiet på Løvstakken blei oppretta i 1999 etter at bydelen i fleire år hadde kome dårlegast ut på levekårsundersøkingane i Bergen kommune.

På Landås kom nærpolitistasjonen i 2012 også med levekårsundersøkingar som bakgrunn, i tillegg til at Bergen kommune leiger ut 500 bustadar til vanskelegstilte og innvandrarfamiliar i området.

Politiet har hatt ei intern vurdering og bestemt seg for å stenge dei to stasjonane.

– Vi skal ta vare på bydelane

– Vi skal framleis bruke både like mykje folk og like mykje tid i bydelane. Kontora vi hadde ute har hatt ustabile opningstider og låser midlar vi kan bruke meir effektivt, seier Valland til NRK.no.

Politiet ønskjer heller ikkje å binde opp ressursar på stasjonane, og meiner også stasjonane hindrar ei effektiv samhandling mellom seksjonane som høyrer til Bergen sentrum politistasjon.

– I tillegg ser vi også at Bergenhus bydel treng meir ressursar. Vi har mellom anna registrert ei oppblomstring av narkotika der, fortel Valland.

Vil legge ned så raskt som råd

Planen er å samle mannskapa på politistasjonen i Bergen sentrum. Ungdomsseksjonen vil framleis tildele området til tilsette i ungdomsseksjonen, og Valland forsikrar at både Løvstakken og Landås vil bli teke hand om trass i at dei mister nærpolitistasjonen.

Det viktigaste kriteriet som ligg til grunn for å legge ned stasjonane er effektive polititenester. Leigekontraktane på stadane er sagt og begge stasjonane vil bli lagt ned så snart som råd.

– Skandaløst

Video Slik skal hun stanse giftlokket

VIL STOGGE VEDTAKET: Byrådsleiar Monica Mæland fryktar konsekvensen av nedlegginga og inviterer til tverrpolitisk samarbeid for å stogge politiet sitt vedtak.

Foto: Nyhetsspiller

Byrådsleiar Monica Mæland (H) ønskjer å stogge vedtaket.

– Denne vedtaket er feil og det er ei skandaløs avgjersle for byen vår. Eg kan ikkje forstå at Valland ikkje synest nærpolitiet er god bruk av ressursar, seier Mæland.

No inviterer ho til eit tverrpolitisk samarbeid for å stoppe politiet si avgjer om å leggje ned kontora.

– Eg fryktar at innbyggjarane blir meir utrygge og at kriminaliteten skal auke. Eg tvilar ikkje på Valland si avgjerdsevne, men eg kan ikkje sjå at dei har snakka med verken dei som bur i bydelane eller nokon andre i denne avgjersla, seier Mæland.