Hopp til innhold

Kravde full frifinning for John Olav Nilsen

Forsvararen til bergensartisten meiner han må frifinnast på alle punkt i tiltalen. – Det var ikkje han som slo først.

John Olav Nilsen i Bergen tingrett saman med forsvarar Linda Ellefsen Eide

MØTTE I RETTEN: John Olav Nilsen er tiltalt for narkobruk, vald og tjuveri. Aktor i rettssaka vil fengsle musikaren i 90 dagar, men forsvararen krev full frifinning. Her med sin advokat Linda Ellefsen Eide.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Rettssaka mot John Olav Nilsen og ein kamerat held fram i Bergen tingrett i dag. Nilsen står tiltalt for narkobruk, vald og tjuveri etter ein episode på ein kiosk i Bergen sentrum tilbake i 2013.

Musikaren og ein kamerat hamna i slåstkamp med ein anna mann. Ifølge tiltalen gjekk dei to til angrep på mannen og dytta han i bakken. Medan han låg nede skal han ha blitt sparka og slått fleire gonger, før mobiltelefon og pengar vart stolen frå han.

Aktor i saka krev 90 dagar fengsel utan vilkår for begge. Nilsen nektar straffskuld, medan kameraten erkjenner delvis straffskuld.

– Han slo ikkje først

Deli de Luca i Bergen

BASKETAK: Det var på denne kiosken i Bergen sentrum at John Olav Nilsen og ein kamerat hamna i slåstkamp med ein 29 år gamal austlending.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

I dag var det forsvarar Linda Ellefsen Eide som heldt sin sluttprosedyre i saka. John Olav Nilsen sjølv kom 25 minuttar for seint til Bergen tingrett i dag, på grunn av transportproblem ifølge Eide.

Ho meiner Nilsen må frifinnast på alle punkt.

– Min klient vart utsett for seks lekamskrenkingar, og han gjengjelde med tre. Han begynte ikkje og var ikkje den verste parten, sa Eide i retten.

Tok ikkje prøvar

Då politiet greip inn i basketaket på Deli de Luca-kiosken, fant dei brukardosar av marihuana og amfetamin på Nilsen.

Men politiet kunne ikkje i retten bevisa at han hadde amfetamin på seg då han vart arrestert. Dei destruerte nemleg det kvite pulveret utan å teste kva det var.

– Det vart heller ikkje tatt blod- eller urinprøve. Retten kan ikkje legge til grunn at Nilsen hadde på seg eller hadde brukt narkotika og derfor må han frifinnast også for dette, sa Eide.

Når det kom til tjuveri av fornærma sin mobiltelefon, viste forsvararen til Nilsen si forklaring om at han mista fleire eigedelar i basketaket. Nilsen plukka opp fornærma sin mobiltelefon frå golvet, i den tru at det var hans eigen.