I fleire kommunar får 16-åringar stemme i år - blant anna i Austevoll.
Diggar Frp-ordføraren
Og det nyt Framstegspartiet i kommunen godt av. Medan partiet elles slit på dei lokale meiningsmålingane, er det reine vekkinga blant dei unge i øykommunen.
Spesielt er ordførar Helge André Njåstad populær hos 16 år gamle Lisbeth Haugland Vik. Njåstad har sete i kommunen sin toppjobb i åtte år, og går til val på ei ny periode.
– Han er en kjempeordførar, og får ting gjort, meiner ho.
Då partia besøkte Austevoll vidaregåande skule for å driva valkamp denne veka, fekk Frp sine medlemslister mange nye tilskot. På få timar på skulen hadde 50 elevar meldt seg inn i partiet - og Lisbeth var ei av dei.
Frp-ordførar: Gje alle 16-åringar stemmerett
Kanskje ikkje så rart at ordføraren då er ein av dei som er for å gje 16-åringar stemmerett.
Austevoll er ein av 20 kommunar som i år er med prøveordninga med å la 16-åringane stemma i valet.
– Dette bør innførast, slik at ungdommen kan vera med å påverka lokalpolitikken. Det er veldig viktig, meiner Njåstad, som sjølv blei den yngste ordføraren i Noreg som 23-åring for åtte år sidan.
Frp når lettare gjennom til dei unge
Og det er ikkje tilfeldig at ungdommen liker Frp, meiner valforskar Hilmar Langhelle Mjelde.
– Frp har en del saker som engasjerer, som innvandringsskepsis, strengare straffer og skattelette. Og disse sakene argumenterer dei for på ein måte som folk forstår.
– Då trur eg også dei når lettare gjennom til dei unge, som kanskje ikkje alltid er like interesserte i politikk. Frp er ikkje forsiktige, men går rett på sak, seier Mjelde.
Mjelde trur ikkje andre parti greier å retta seg mot ungdommen på same måte. Ein av grunnane er at alle skuledebattar er avlyst i år.
– Eg er ikkje sikker på om den avgjerda var lur. For ein av grunnane til at vi skulle ha stemmerett for 16-åringar, var at vi skulle trekkja ungdommen inn og få meir fokus på saker som engasjerer ungdommen.
Er du einig i at Frp treffer dei unge? Bruk kommentarfeltet under!