Hopp til innhold

Forventar ein global kols- og astmaepidemi

Talet på dei som har astma og kols berre aukar og aukar, utan at forskarane veit kvifor. – Kols kjem til å bli den tredje viktigaste dødsårsaka, seier ein av landets fremste kols-forskarar.

Cecilie Svanes

VEIT FOR LITE: – Vi har ikkje tenkt frå vogge til grav i kols-forskinga, seier Cecilie Svanes. Nyleg fekk ho pris for sitt arbeid nettopp med det.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Om ein tenker at ebola er katastrofe, så er det ingenting samanlikna med ein folkesjukdom som kols eller astma i ei fattig verd, seier professor Cecilie Svanes ved Haukeland sjukehus.

I løpet av berre nokre år ser forskarane føre seg at verda vil vere råka av ein kols-epidemi.

– Vi veit ikkje kvifor, men talet på dei som har astma og kols berre aukar og aukar. Globalt reknar ein med at kols kjem til å bli den tredje viktigaste dødsårsaka innan 2020, seier Svanes

Om far har røykt i puberteten så har barnet tre gongar auka risiko for å få astma.

Cecilie Svanes

Ho er ein av aller fremste forskarane på kols og astma i Noreg, og har forska i mange år på emnet.

– Astma dødeleg

– Tenk deg då å få kols i eit land som ikkje har dei ressursane som vi har. Om ein ikkje har god behandling så er også astma ein dødeleg sjukdom. I fattige land har ein ikkje medikament og god behandling, seier Svanes.

Talet på rapporterte astmatilfelle har auka spesielt hos born dei siste 20–30 åra. Også talet på kols-tilfelle i verda er i sterk vekst – utan at forskarane står med eit klart svar.

– Vi må forstå årsakene til aukinga av astma i den vestlege verda, for at ein ikkje skal sjå den same epidemi-aktige utviklinga i den tredje verda, seier Svanes.

Svanes fekk nyleg Landsforeningen for hjarte- og lungesjuke (LHL) sin kols-pris 2014 for framifrå vitskapeleg arbeid.

Lungesjukdommane astma og kols nokre er av dei store lungesjukdommane, men det er ikkje berre dei som røykjer som er i faresona. Miljø og livsstil påverkar også helsa til neste generasjon.

Begravelse i Monrovia, Liveria av ebola-offer

VERRE ENN EBOLA: Ebola-utbrotet, her i Liberia, og andre afrikanske land, er ingenting om astma og kols bryt ut som epidemi i fattige land, seier forskaren.

Foto: Abbas Dulleh / Ap

Mor si helse og far sin røyking

Det er velkjent at røyking er ein viktig årsak til at ein kan få kols. Men årsakssamanhengen er så mykje større, trur professoren.

Det unike med hennar forsking er at ho har sett nærmare på kva tidlegare generasjonar kan ha å seie for at ein person får kols eller astma. Dette har mangla på dette forskingsfeltet, seier Svanes.

– Vi har ikkje tenkt livsløp, vi har ikkje tenkt frå vogge til grav, og vi har ikkje sett på tvers av generasjonane. Eg trur at ved å tenke på den måten skal vi kome nærmare ei løysing.

Forskaren sin teori er at korleis forfedrane dine og mine har hatt det, har betydning for om ein kan få kols.

– Undersøkingar av menns sæd, viser ein tydeleg påverknad til dømes frå røyking. Men det vi finn, er at om far har røykt i puberteten så har barnet tre gongar auka risiko for å få astma, sjølv om far har slutta å røyke mange år før barnet kom.

Ein annan ting som kan påverke er dersom far har jobba som sveisar. Då får barnet dobla risiko for astma.

– Det kan bety at vi må fokusere ikkje berre på kvinner sitt miljø når dei er gravid. Alle veit at det er viktig for borns helse. Men vi må fokusere også på menn, og særleg dei unge mennene – og det handlar om røyking blant unge.

Startar før fosterlivet

Svanes og forskargruppa på Haukeland har følgt ei gruppe vaksne over 20 år og spurt dei korleis dei hadde det då dei var born. No beveger forskinga seg vidare til neste generasjon; borna deira.

Med andre ord kan faren for at du får kols eller astma vere påverka av forhold lenge før du ein gong var påtenkt.

– Vi tenkjer at kols alt byrjar i fosterlivet, og kanskje før, seier Svanes om forskinga si.

– Dersom mor har røykt medan ho var gravid, eller om ein har hatt alvorlege luftvegsinfeksjonar når ein var liten, eller barneastma, så kan dette verke inn på kols, seier ho.-

Trur det finst svar

Å leve med kols kan vere svært plagsamt. I motsetnad til astma, der pustevanskar kjem i anfall, får ein det lett med kols.

– Ein er plaga med tung pust, og det aukar og aukar på. Det viser seg også ulikt frå person til person. Den minste luftvegssjukdom kan gje ein alvorleg tungpuste, så alvorleg at ein kanskje må på sjukehus. Dette er ein sjukdom som folk dør av.

Astma og kols heng også saman. Om ein har hatt astma som liten, får ein det lett kols.

– Vi finn at dei som har hatt astma som liten, har 20 gonger auka risiko for kols når dei kjem til 50-60-åra.

– Vi treng å forske på dette over mange generasjonar, over mange hundre år. Men vi er ikkje så tolmodige. Dette trenger vi å vite nå, for dette er kjempestore problem. Og eg trur vi finn eit svar, seier Svanes.