Hopp til innhold

Feirar Fosse med sau

Bli med til Jon Fosse si heimbygd, der femtiårsjubilanten blir feira med litterært saueslepp.

Sau
Foto: Audun Hopland / NRK

Med eit uvanleg saueslepp førebur heimbygda til Jon Fosse seg på forfattaren si femtiårsfeiring.

Sau

Knut Øystein Fosse set på plass siste sau på toppen av fjellet Haukåsen saman med skodespelar Arnhild Litlere.

Foto: Audun Hopland / NRK

Desse sauene brekar ikkje, men let seg villig plukke opp og stablast i bagasjerommet på ein personbil.

20 tresauer

10.klassen på Strandebarm skule har skore ut, dekorert og fordelt linjer frå ei prosatekst på eit tjuetals tresauer til ære for Jon Fosse.

- Eg har teikna tre av dei. Dei liknar litt, men alle er forskjellige, forklarer Marita Ljones.

Ideen var skodespelar Arnhild Litlere sin.

- Fosse har skrive om bestemora som samla sauene inn, så vi har vald å fokusere på den teksten, seier Litlere.

Glad jubilant

Eit tjuetals entusiastar frå Jon Fosse si heimbygd tjuvstartar femtiårsfeiringa hans. Dei har famnen full av tresauer og plasserer dei ut langs stien til Haukåsfjellet.

Her skal kulturlandskapet beitast i bokstaveleg forstand.

Sau
Foto: Svein Ove Duesund / NRK

- Vi ønskjer at dette skal bli ein del av dagleglivet i Strandebarm, slik at vi skjønar kva for ein skatt vi har, seier Litlere.

Sauesleppet er ein liten del av Strandebarm sine aller fyrste fossedagar. Åse Ljones i styret lovar forestillingar, konsertar, foredrag og ei heilt spesiell form for avslapping.

- Folk skal få slappe av i eit sjøhus på Fosse. Der kan dei liggje i ei hengekøye og høyre "Morgon og kveld" på lydbok!

- Kva for reaksjonar har de fått frå jubilanten sjølv?

- Han var skeptisk i starten, men no er han veldig glad for at vi gjer dette. Han har kome meir og meir på bana, seier Ljones.

Sau
Foto: Svein Ove Duesund / NRK