Hopp til innhold

Meteorologen: – Dette er berre forsmaken

Meteorologane ber folk kome seg i land, sikre lause gjenstandar og søke ly for natta. Ekstremvêret «Lena» slår innover vestlandskysten.

Her tar vinden tak i båten i Rosendal

SE VIDEO: Vinden tar tak ved Neslia i Rosendal. – Det har løya att no, seier Rolf Hunstad, som filma frå huset sitt. Video: Rolf Hunstad / 03030-tipser

Tre falt over hus i Sandviksveien

TRÆR FALT OVER HUS: To trær falt over et hus i Sandviksveien i Bergen.

Foto: Jarl Omestad / NRK
Trær foran DNS

VELTA TRE: Politiet har stengt av parken framfor Den Nationale Scene i Bergen sentrum etter at fleire store greiner har falt ned.

Foto: Jarl Omestad / NRK
Tre NRK Minde

TRE KNAKK: Dette treet ble delt i to utenfor NRK Hordalands lokaler på Minde.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK
Alfred Aastrøm

KLAR FOR REDNINGSOPPDRAG: Alfred Aastrøm, skippar på redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen, ber folk sikre båtane sine.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Det var laurdag føremiddag meteorologane bestemte seg for å oppgradere varselet til eit ekstremvarsel. Årsaka er at dette vêret er svært uvanleg for ein sommardag i august.

– Det ser ut til at uvêret har blitt djupare, og at det vil gå nærare land enn det det såg ut til tidlegare, sa Tone Christin Thaule, vakthavande metorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, til NRK tidlegare i dag.

Ber folk på sjøen gå i land

Ho advarte mot kraftig vind i høgda, og auke i vinden frå søraust utover ettermiddagen.

Mot natta vil vinden dreie sørleg og auke endå meir på langs kysten. Meteorologen åtvara mot vêret og ba folk som er på sjøen om å kome seg til land.

– Vi reknar med at det vil bli turbulent langs kysten. Middelvinden vil ligge på full storm, og kanskje og opp mot sterk storm. Det vil seie vindkast opp mot 35 m/s, men eg utelukkar ikkje at det enkelte stader også vil kome over dette, sa Thaule.

Ho rår folk til å gå over hagane sine, og sikre at ikkje lause ting som kan blir tatt av vinden ligg rundt om. Til eksempel hagemøblar og trampoliner.

– Det er svært farleg med «flygande gjenstandar». Dette er veldig sterk vind, og svært uvanleg for denne årstida. I kveld og i natt bør ein ta omsyn til vêret.

Ber folk festa båtane sine

– Eg håpar folk har vett nok til å sikre båtane sine, seier Alfred Aastrøm, skippar på redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen.

Dei som er ute på sjøen bør kome seg til ei naudhamn snarast råd, seier han til NRK laurdag ettermiddag.

Politiet i Hordaland seier dei forventar ei hektisk kveld og natt som følgje av uvêret.

– Vi oppmodar folk til å følgje dei råda som er gitt, og ta dette på alvor, seier operasjonsleiar Terje Erichsen.

Han ber også folk spesielt om å sikre båtane sine.

– Vêr av denne typen skapar ofte ein del «ugne» meldingar om båtar som ligg opp ned på rek. Det kan ofte ende i redningsaksjonar, og vi er førebudd på at det kan bli ein del meldingar, seier Erichsen.

Folk blir evakuerte frå festivalar

Vinden tok allereie på ettermiddagen skikkeleg tak i Rogaland. Der førte uvêret mellom anna til at ein bubil velta på ei bru og at deltakarar på to festivalar blei evakuerte.

Fra 18-tida kom også dei første førehandsvarsla om kva som vil kome i Hordaland. Frå ein rekkje stader i og kring Bergen kom meldingar om tre som har velta over hus, kraftleidningar og vegar, og politiet ba folk vere merksame:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Lena 23-04
Foto: Meteorologisk institutt
Lena 00-03
Foto: Meteorologisk institutt
Lena 07-11
Foto: Meteorologisk institutt

I Sandviken i Bergen har to tre velta over eit hus.

– Vi har ikkje fått melding om at nokon er skada, seier vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Ole Jakob Hartvigsen.

– Vi har råda huseigar til å finne anna husvere. Treet har gått delvis gjennom taket, og det kan bli lekkasjar, men det er ikkje fare for at det skal rase vidare, seier politiets operasjonsleiar Terje Erichsen.

Klokka 21.40 fortel han at det har kome totalt 17 meldingar om naturskadar knytt til «Lena».

– Dette er berre forsmaken

Men vinden som har ført til velta tre og stengde vegar, er ingenting mot det som kjem, seier vakthavande meteorolog Kristin Seter ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Det er allereie ganske mykje vind i Bergen, og dei velta trea seier litt om kva som kjem. Vinden er berre venta å auke på, seier Seter.

– No har det slått inn med sønnavind på Sola, der er det i ferd med å bli ganske mykje vind. Og det er framleis aukande. Det aller verste vêret i Hordaland blir grovt sett mellom klokka 21 og 03, så slik sett er det vi har sett så langt, berre forsmaken, seier Seter til NRK ved 20.40-tida.

Etter at den verste vinden har passert Hordaland, får Sogn og Fjordane merke meir til vêret. Meteorologen fortel at Vêrvarslinga på Vestlandet har kalla inn ekstramannskap til natta.

– Vanlegvis er det ein meteorolog i Oslo som er ansvarlg for heile Sør-Norge. Men no har vi bemanna opp på grunn av ekstremvêret, seier Seter.

Svært uvanleg for årstida

Det er svært sjeldan at slike stormar når norskekysten i sommarmånedane.

– Trøysta er at det går relativt raskt forbi. Det er natta som er utfordringa, ut på dagen i morgon blir det meir normale forhold, sa meteorolog Thaule til NRK tidlegare i dag.

Allereie på måndag kan eit nytt uvêr nå kysten, når den tropiske orkanen Berta slår i land. Ho er akkurat no på veg over Atlanteren frå USA, og tar truleg med seg mykje nedbør på vegen.