Hopp til innhold

Alle må gå på Hotel Norge

Ingen av dei kring 200 tilsette får vera med vidare når Scandic tar over det legendariske hotellet i Bergen.

Hotel Norge

SENTRALT: Hotell Norge er eitt av dei mest sentralt plasserte hotella i Bergen sentrum. Scandic Hotels skal totalrenovera hotellet når dei tek over i september.

Foto: Tale Hauso / NRK

Scandic-kjeda har vunne kontrakten om å få drifta hotellet på Torgallmenningen i Bergen frå 1. september i år. I utgangspunktet skulle dei kring 200 tilsette, som i dag er tilsett i Rezidor, bli med over til Scandic.

Men slik blir det ikkje, får NRK opplyst. Djevat Hisenaj er leiar i Hordaland Hotell- og restaurantarbeiderforening og har jobba på Hotel Norge i 26 år.

– Det er heilt forferdeleg. Det er ei bombe rett og slett, seier Hisenaj til NRK. Han fortel at det er kring 120 fast tilsette på hotellet.

Djevat Hisenaj i Hotell og restaurantarbeidarforeningen

SJOKKERT: Djevat Hisenaj er leiar i Hordaland Hotell- og restaurantarbeiderforening og har jobba på Hotel Norge i 26 år. Han hevdar dei tilsette seinast i november fekk lovnader om å halda fram i jobben når Scandic tar over.

Foto: Tale Hauso / NRK

Stenger hotell for totalrenovering

At Scandic Hotels tek over drifta vart kjent i fjor sommar. Då kom det også fram at Scandic skal totalrenovera hotellet, som er eit av Bergens eldste, til 250 millionar kroner.

Administrerande direktør Svein Arild Steen-Mevold i Scandic bekrefta i fjor, då nyhenda om overtaking kom ut, at dei tilsette blir med over i det nye selskapet.

Slik blir det altså ikkje no. Årsaka er at hotellet må stenga heilt ned under totalrenoveringa. Dermed er det ikkje snakk om ei verksemdsovertaking, forklarer Steen-Mevold til NRK.

– Eg har absolutt forståing for at dette er ein tung beskjed for dei tilsette å få. Dette var veldig trist informasjon å gi.

Blir stengt i minst åtte månadar

Hotellet fekk svært krass kritikk i ein melding publisert i Dagens Næringsliv i haust. Hotellet vil bli stengt i åtte månadar under renoveringa, og vil opna tidlegast 1. mai 2017.

Utgangspunktet var altså å halde delar av hotellet opent, men av tryggleiksårsaker tilsett ikkje ombygginga det.

– Det er ikkje forsvarleg å halde det ope under renoveringa og utvidinga. Ettersom Scandic ikkje har noko relasjon til Rezidor, blir det ikkje riktig at vi kommenterer spørsmål om dei tilsette. Men vi håper jo at flest mogleg av dei får jobb på andre hotell. Det er utvilsamt mange flinke folk som jobbar der i dag, seier Steen-Mevold.

Vil ta saka til retten

Hisenaj i Hotell- og restaurantarbeidarforeningen vil ikkje vera med på at stenginga av hotell ikkje er verksemdsovertaking.

– Vi trudde det beste, heilt til Scandic no har snudd heilt på hovudet. Dei tilsette har teke imot beskjeden svært tungt, seier han og varslar at dei vil ta saka til retten.

– Det får vi ta til etterretning, men slik vi ser det må vi stenge hotellet. Og då er det ikkje noko hotell å drive verksemd i, svarar Steen-Mevold.