Laurdag gjekk sosialbyråd Lisbeth Iversen frå Kristeleg folkeparti ut og lova at kommunen skulle opna opp Sentralbadet for tiggarane. I den kommunale symjehallen i sentrum skulle tiggarane få skifta klede og dusja gratis.
Etter det NRK kjenner til var utspelet, som kom som eit svar på Regjeringa si tiggarpakke, ikkje klarert med resten av byrådet. Tysdag kom kontrameldinga frå byrådspartia KrF, Høgre og Frp.
Opnar ikkje Sentralbadet
– Sentralbadet er eit tilbod til symjarar og stuparar, både mosjonistar og organisert idrett. Me ønskjer ikkje at det skal etablerast eit permanent tilbod for tilreisande, som kjem i konflikt med aktiviteten som allereie går føre seg i Sentralbadet, seier byrådsleiar Monica Mæland frå Høgre.
Ho ønskjer heller at tiggarane oppsøker det eksisterande hjelpeapparatet for folk i naud, og meiner tiggarane må oppsøka Strax-huset.
– Kommunen sitt tilbod for menneske i naud, som Strax-huset og Robin Hood-huset, vil vera ein betre stad å oppsøka for å få hjelp, seier Mæland.
– Galskap
Opposisjonspartia i Bergen står i kø for å kritisera forslaget. Dei meiner forslaget er dårleg både for tiggarane, men og for dei rusavhengige.
– Dette forslaget går ut på å samla saman dei mest utstøtte på ein plass, uavhengig av kor ulike utfordringane deira er. Det heiter segregering, seier Oddny Miljeteig frå SV.
– Forslaget er ein hån mot både rusmisbrukarar og tiggarar. Strax-huset kan ikkje verta nokon oppsamlingsplass for alle som har det vanskeleg, seier Siw-Anita Lien frå Arbeidarpartiet.
– Dette forslaget er komplett galskap, å blanda rusavhengige og tiggarar er ein uvanleg dårleg idé. Mange av familiane som tiggar reiser jo til dømes i lag med små barn, seier Erlend Horn frå Venstre.
– Har overkøyrd sosialbyråden
Alle dei tre opposisjonspolitikarane meiner utspelet frå byrådet tyder på at sosialbyråden har vorte overkøyrd.
– Lisbeth Iversen kom på bana med eit godt forslag, etter vår meining. Her har ho vorte overkøyrd av den kaldare delen av byrådet, seier Horn som viser til Høgre og Framstegspartiet.
– Ikkje berre på Strax-huset
Sosialbyråd Lisbeth Iversen frå Kristeleg folkeparti meiner forslaget frå byrådet vil gje betre tilhøve for tiggarane i Bergen.
Ho understrekar at dei i tillegg til Strax-huset på Damsgård vil ha eit tilbod tilgjengeleg i sentrum.
– Strax-huset skal brukast når det er tilgjengeleg. I tillegg vil me ha noko i sentrum som kan vera tilgjengeleg, seier byråden.
Kor i Bergen sentrum?
– Det må me komma tilbake til, seier byråden frå KrF.
Ho grunngjev snuoperasjonen med ein ny rapport som peikar på at utfordringane for tiggarane i byen er meir omfattande enn at dusj og toalett er nok.
– Då er det betre at det skjer under Strax-huset sin regi. Dei er vande med å ta i mot personar som er i naud og kan tilby helsehjelp. Me meiner dette er ei god løysing.
Iversen går ikkje med på at ho har gitt etter for reaksjonane om det opphavlege forslaget hennar skapte.
Byrådsleiar Monica Mæland ønskte tysdag kveld ikkje å kommentera saka, utover det ho skriv i pressemeldinga.