Hopp til innhold

– Fleire ran og meir organisert kriminalitet

Mens talet på brotsverk som blei meldt til politiet totalt knapt auka med to prosent i fjor, viser politiets årsstatistikk for Hordaland meir organisert kriminalitet og fleire grove ran.

Visepolitimeister Geir Gudmundsen

KRIMINALITET I 2013: Politimeister Geir Gudmundsen presenterer politiets statistikk for fjoråret. Uvanleg mange drap, meir utbreidd knivbruk og auke i vinningskriminaliteten er noko av det han la fram.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Torsdag presenterte Hordaland politidistrikt sin årsstatistikk for 2013.

– Mens talet på brotsverk som blei meldt til politiet her i fylket berre auka med knappe to prosent, er politiet uroa over auken i saker som gjeld kompleks, organisert kriminalitet, seier politimeister Geir Gudmundsen.

Sjølv om talet på saker går litt ned, så blir dei meir kompliserte. Det skuldast i stor grad at det er meir organisert kriminalitet, der utanlandske kriminelle i stor grad står bak.

Totalt blei det meldt 22 943 brotsverk til politiet i fjor.

Fleire innbrot og meir lommetjuveri

Det er vinningskriminaliteten som auka mest i Hordaland i fjor, med over 15 000 melde vinningssaker. Aller størst er auken i talet på innbrot.

Totalt auka talet på tjuveri og grove tjuveri frå bustad med meir enn 150 saker frå 2012 til i fjor. Politiinspektør Gunnar Fløystad seier det stort sett skuldast ran og innbrot.

– Det er i stor grad saker vi ikkje oppklarer, som grove tjuveri og tjuveri på offentleg stad, som utgjer auken i talet på vinningssaker.

Trur «gjengangarar» står bak

Det har lenge vore eit kjent problem i politidistriktet at det er for få soningsplassar.

Ifølgje politiet kan dette ha samanheng med auken innanfor vinningskriminaliteten.

– Mangel på fengselsplassar spelar inn her. Etterforskarar melder om at fleire kjenningar av politiet bilr slepte laus frå soning eller varetekt fordi det ikkje er nok plassar, seier Fløystad.

Dystert år for valdskriminalitet

Som NRK har fortalt tidlegare, var 2013 eit år med uvanleg mange drap. Med seks drap og fem drapsforsøk i Hordaland, skriv 2013 seg inn i historia som det verste drapsåret sidan 2003 sett bort ifrå massakren på Utøya i 2011.

Men òg generelt auka talet på melde valdsepisodar i fylket.

Mest uroa er politiet over at langt fleire har blitt tatt med kniv på offentleg stad. Her har talet auka frå 180 saker i 2009, til over 259 i 2013. nbsp;

Samtidig er det kjent at fleire av drapa i fjor skjedde blei gjort med kniv eller anna stikkvåpen.

Rekordmange unge tatt med narkotika

Eit anna område som bekymrar politiet, er at talet på ungdom som har blitt tatt med narkotika har nær tredobla seg det siste året. Heile 33 personar under 18 blei tatt med stoff mot berre 12 året før.

Politimeister Geir Gudmundsen er nøgd med at fleire mindreårige blir gripne.

– Dette er i stor grad eit resultat av at vi har auka fokuset mot dette, og det har vi no sett gode resultat av.

Meir om politiets årsstatistikk for 2013 kan du lesa her.