Hopp til innhold

Nesten dagleg samtaleemne

Lesjingen Pål Torsgard er hovudtillitsvald for 150 offshore-arbeidarar, og seier at mange fekk frysningar på ryggen når dei fekk veta at dei skulle fly med EC225 Super Puma.

Pål Torsgard

Pål Torsgard frå Lesja er hovudtillitsvald for ei gruppe på om lag 150 medlemar i organisasjonen Safe.

Helikopteret som havarerte ved Turøy fredag, var ei flytype som mange frykta.

Mange var redde

Pål Torsgard har jobba offshore i 17 år og reiser rundt på ulike fartøy og driv med brønnvedlikehald. Den siste tida har han i tillegg vore hovudtillitsvald for ein klubb på 150 arbeidarar i organisasjonen Safe. Helikoptertransport er ein del av kvardagen.

Pål Torsgard

Pål Torsgard frå Lesja er hovudtillitsvald for ei gruppe på om lag 150 medlemar i organisasjonen Safe.

Foto: Pål Torsgard / Pål Torsgard

– Å flyge helikopter på jobb kan verke spennande og flott, men det er er berre fyrste gongen. Resten av yrkeskarrierern er det meir ei påkjenning.

Dette vet vi om helikopterstyrten

Kor mange turar det blir i løpet av eit år, varierer mykje, men 20 - 30 turar er ikkje uvanleg.

Kva er grunnen til at folk fryktar denne flytypen?

– Det er for det fyrste trange kabinar, og med 17 personar med store livdrakter på og berre ei dør som rømningsveg, kan det gje mange ei klaustrofobisk kjensle. Men framfor alt er dette ei flytype som har ein svært dårleg historikk, med ulykker, naudlandingar og tilbakereturar til land, seier Torsgard.

Torsgard seier at dei fleste er godt kjent med historikken til denne flytypen.

Advarte mot sveiseløsning på Super Puma-helikopter

Ryktet spreier seg fort

Det er etterkvart vorte svært mange som arbeider offshore, men samstundes er det eit lite miljø, seier Torsgard.

– Rykte om ein retur eller ei naudlanding spreier seg fort rundt om på dei ulike riggane og instalasjonane i nordsjøen, så problema med denne typen helikopter er nok kjent for dei fleste.

Han seier at mange har vorte uroa etter dei mange hendingane med denne flytypen på britisk sektor.

–Helikopterturen og kva type helikopter vi skal fly med er eit samtaleemne både når vi ventar på skyss, og på riggane om kvelden.

Alvorlige helikopterulykker i Norge

Tøff påkjenning

Alle som arbeider offshore er kursa i naudlanding på sjøen. Det at det er trangt og at det ristar og støyar, kan ein bu seg på, men det er ei tøff påkjenning for folk når dei må returnere til land på grunn av tekniske problem.

EC225 Super Puma

EC225 Super Puma

Foto: Kristoffer Rivedal

– Du ser det godt på folk, det blir ei trykka stemning i flyet. Du får høyre det gjennom øyreklokken at vi må returnere på grunn av tekniske feil eller varsellamper. Og meir enn det veit du ikkje før du har landa att, og det er mange som tykkjer det er svært tøft å få slike meldingar.

Mange har meldt frå

– Er det nokon av dine medlemmar som har sagt frå om denne frykta og at de ynskjer andre flytyper?

– Det som har vorte kjent for meg i dag, er at Safe sentralt har fått inn bekymringsmeldingar over ei lengre tidsperiode som går på vedlikehaldet av denne helikoptertypen. Dette har vore anonyme meldingar som har vorte vidareformidla til petroliumstilsynet, men så lenge det har vore varsling på dette nivået, altså anonyme meldingar, var det lite petroliumstilsynet kunne gjera med det.

Bekymring for denne helikoptertypen er nesten eit dagleg tema når ein er ute.