Hopp til innhold
Kronikk

Dagen derpå-samfunnet

Medisin var ein gong noko du trong hvis du var sjuk. No er det noko du treng hvis du ikkje orkar å sykla Birken.

Paracetduo

Er det rart at stadig fleire vert sjukmelde for udefinerbar «slappheit», når tusener av spreke, sunne tenåringar treng smertestillande kvar veke? Birkeparacettaren vi ser på reklamen for Paracetduo og auken i antal uføre er to ulike utslag av same problem, skriv lege Ingebjørn Bleie i denne kronikken.

Det er 20–30 ulike typar paracetamol å få kjøpt i Norge, alt etter korleis ein reknar. Det nyaste skotet på stamma, og vidundermiddelet til den barske, veltrente Birkebeiner-syklisten på reklameplakaten, er Paracetduo, ei blanding av paracetamol og koffein.

Få institusjonar har forbetra livskvaliteten til oss rike, vestlege meir dei siste tiåra enn farmasiselskapa. Syredempande mot magesår, insulin mot diabetes og nitroglycerin mot angina har betra liva til millionar av menneske.

Ei ulempe kjem i form av overforbruk. Antal henvendelsar til Giftinformasjonssentralen meir enn dobla seg etter at paracetamol vart flytta ut av apoteka og inn i butikkhyllene. Salet av paracetamol til born under tolv har dobla seg på tjue år, med tilhøyrande risiko for utvikling av astma og allergi. Det vert i dag selt nok til at kvart einaste barn i Norge får ein heil pakke paracetamol i året.

Det er her me kjem til problemet. Alt for mange av oss føler at me treng ein 'oppkvikkar'.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

Kvifor får me då ein type til? «Å tilsette koffein kan være til hjelp for noen pasienter fordi det minsker behovet for å ta sterkere medisiner», skriv Legemiddelverket i si godkjenning. «Paracetduo er utmerket når du trenger en oppkvikker», skriv produsenten Weifa i pressemeldinga si. Og det er her me kjem til problemet. Alt for mange av oss føler at me treng ein «oppkvikkar».

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Smerte, smerte, smerte

Som så mykje anna ubehageleg, herunder klimaforandringar, tigging og husvask, har smerter og uvelheit blitt noko me forventar ikkje skal ramma oss. Og om det likevel rammar oss, forventar me å kunna kjøpa oss vekk frå problemet.

Forbruket av paracetamol og ibuprofen (Ibux) i Norge, målt i definerte døgndosar, nærmar seg høvesvis ei tredobling og tidobling sidan 1990. Ein fjerdedel av norske tenåringar brukar ein form for smertestillande kvar veke. For knappe ti år sidan var talet under ti prosent. Dei friskaste folka på legekontora i desse dagar er ofte pensjonistane; dei oppveksande slekter aksepterar simpelthen ikkje å ha litt redusert form. Dei har ikkje tid til det. Dessutan tek det seg dårleg ut.

Birkeparacettaren og auken i antal uføre er to ulike utslag av same problem.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

I klem

Dagens jamne middelklasseborgar, frå tenåring til nestenpensjonist, står i klem: På den eine sida er eigne ynskjer: alt han skulle ynskja han kunne kjøpa, få eller oppleva. På den andre sida står andre sine krav og forventingar: Ektefelle, arbeidsgjevar, lærar, barnehagepersonale, fotballtrenar. Alle forventar dedikert innsats på sitt felt.

Den viktigaste delen av løysinga på alt dette står me sjølve for. Me må sei til oss sjølve, barna våre, foreldra våre og arbeidskameratane våre at det er greit å vera litt nedpå av og til, at full klaff over heile linja er vanskeleg å oppnå.

Dette er ikkje minst viktig fordi det den jamne nordmann tenker på som sjukdom forplantar seg vidare i systemet. Det er ikkje berre infeksjonar som smittar. Dine haldningar til sjukdom, uførheit og trygd vert i stor grad påverka av folka rundt deg.

Til saman får ein ein giftig cocktail av høge forventingar, høge krav, kunstige livskriser og evig rosenraude kulisser rundt det heile.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

Er det rart at så mange fell ut av arbeidslivet, når sjølv mange av dei mest vellukka blant oss er livredde for å underprestera? Er det rart at stadig fleire vert sjukmelde for udefinerbar «slappheit», når tusener av spreke, sunne tenåringar treng smertestillande kvar veke? Birkeparacettaren og auken i antal uføre er to ulike utslag av same problem.

Giftig cocktail

Det er heller ikkje berre å be folk ta seg saman når ein ser på kor sterke krefter og tunge trendar me kjempar mot. Den avsindige velstanden nordmenn flest lever i har gitt oss eit forbruksnivå som er vanskeleg å vedlikehalda utan at me er i full produksjon, både som nasjon og person. Petroleumsbransjen durar i veg over norsk fastlandsøkonomi med same fintfølelse som ein tanks i ein jordbæråker. Det særnorske lønsnivået gjer at alle med alder over 50, BMI over 25 eller IQ under 120 i praksis er ulønnsame arbeidstakarar.

Så kan ein på toppen legga til facebook-perfeksjonen som får folk til å tru at kvar dag skal avsluttast med eit glas Bordeaux i solnedgang og at Libero-reklamane er eit reellt bilete av korleis spedborn oppfører seg. Til saman får ein ein giftig cocktail av høge forventingar, høge krav, kunstige livskriser og evig rosenraude kulisser rundt det heile.

Birkebusiness

Ikkje heilt på topp har blitt ein diagnose det er uakseptabelt å leva med.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

Kraftige kommersielle krefter virkar saman med det generelle forventingspresset skapt av levemåten vår. Dei store internasjonale farmasiselskapa har inntekter på rundt tusen milliardar dollar i året. Dei brukar opptil dobbelt så mykje på reklame som på forsking. Matvareprodusentane brukar vår eigen biologi mot oss ved å konstruera usunn hurtigmat som er så tilfredsstillandefor kroppen at hormona våre startar ein borgarkrig om me ikkje et meir, meir og meir.

I Norge har det oppstått ein slags «Birkebusiness», hvis oppdrag er å piska alle nordmenn opp slik at dei tenker at dei til eikvar tid burde vera i stand til å gå Birkebeinerrennet; alt anna er eit sjukdomsteikn.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Uførheit og smitte

Som eit resultat virrar stadig fleire mållaust rundt i velstandslabyrinten, med pillepusharane, interiørmagasinredaktørane, søppelmatprodusentane og treningsfantastane som ivrig applauderande tilskodarar. «Ikkje heilt på topp» har blitt ein diagnose det er uakseptabelt å leva med.

Me drøymer ikkje lenger om eit perfekt liv. Me forventar å få det.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

Me drøymer ikkje lenger om eit perfekt liv. Me forventar å få det. I mellomtida kjennest kvardagen ut som ein evig dagen derpå, der me går rundt i lett bakrus og tek piller og får sjukmelding medan me ventar på den festen me har blitt overbevist om skal koma.