Far og dotter plasserer eit par kvite joggesko i størrelse 22 blant fleire andre sko på Republikkplassen i Paris.
Chloe på sju år seier det gjer inntrykk, men er ikkje heilt sikker på kvifor dei set frå seg skoa på gata.
– For å gje til dei fattige? Nei, me har jo snakka om dette, svarar pappa Frederic Videlot.
Skoa er eit symbol på alle som ikkje fekk lov til å gjennomføra den planlagde klimamarsjen grunna terorråtaka for 16 dagar sidan, fleire av dei fordi dei ikkje lenger er i live.
– På denne måten viser me kva me meiner, at politikarane må få på plass ein klimaavtale, seier Videlot.
45.000 marsjerte i Sydney
Det er meldt inn over 2000 markeringar i over 150 land under konseptet «Global Climate March».
Den overordna bodskapen verda over er at leiarane i verda no må klara å samla seg om konkrete tiltak mot klimaendringar på klimatoppmøtet i Paris, som startar måndag.
Marsjen i Sydney søndag er hittil den største marsjen i den verdsomspennande mobiliseringa mot klimaendringar.
I folketoget i Sydney kunne ein sjå plakatar med bodskap som «Det finst ikkje ein Planet B» og «Global solidaritet».
– Om ti år kjem borna våre til å spørja «mamma, visste du om dette? Kva gjorde folk for å forhindra det?», seier Kate Charlesworth, ei av dei som deltok i marsjen til nyheitsbyrået AFP.
I løpet av helga har det også funne stad klimamarkeringar i blant anna i London, København, New Delhi, Kampala, Manila, Kyoto, New York, Dhaka, Tokyo, Kairo, São Paulo og i Oslo.
Krev semje blant verdas statsoverhovud
I den norske hovudstaden samla om lag 3500 demonstrantar i alle aldrar seg i protest mot forureining og global oppvarming laurdag.
Den globale oppvarminga ligg i 2015 an til å nå ei grad over førindustrielt nivå, varsla Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) denne veka. Dermed er me halvvegs til ei oppvarming på to gradar – det nivået som verdssamfunnet som mål å halda seg under.
15 statsoverhovud deltek på det tolv dagar lange klimatoppmøtet i Paris, blant dei presidentane Barack Obama (USA), Xi Jinping (Kina), Vladimir Putin (Russland) og den indiske statsministeren Narendra Modi.
I løpet av dei 20 åra som er gått sidan FN sin første årlege klimakonferanse i 1995, har resultata så langt vore magre. Verken Kyoto-avtalen eller klimatoppmøtet i København blei effektive våpen mot dei raskt aukende utsleppa av klimagassar i verda.